NYETABLERINGAR: Årdal ligg heilt på topp i fylket når det gjeld talet på nyetableringar i 2014. Foto: Flickr/Norsk Hydro.
NYETABLERINGAR: Årdal ligg heilt på topp i fylket når det gjeld talet på nyetableringar i 2014. Foto: Flickr/Norsk Hydro. (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Årdal på fylkestoppen i nyetableringar

I 2014 var det ingen kommunar i Sogn og Fjordane som hadde betre etableringsfrekvels enn Årdal.

Årdal: Med ein etableringsfrekvens på 7,5 prosent i 2014, som er dei førebels siste tala, seier dette noko om kor mange bedrifter som har etablert seg i kommunen i forhold til dei eksisterande. 

Dette gir ein peikepinn på vekst av nye bedrifter i Årdal og er ein viktig målestokk for nyskapingsarbeidet som vert gjort. Det forklarar dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg.

– Å få nye etableringar er det viktigaste me driv med, og det er ekstra viktig for Årdal, som er eit typisk lønsmottakarsamfunn, der ein helst har fokus på det å få seg jobb i ei stor bedrift eller i kommunen og motta løn og gjera ein grei jobb.

Framfor Flora og Førde

For kvart år som har gått har etableringsfrekvensen auka, og i 2014 tronar altså Årdal øvst i fylket framfor sentrum som Førde, Sogndal og Flora. Førde ligg på ein andreplass med ein frekvens på 6,5 prosent. Samanlikna med resten av landet er Årdal nummer 58.

VEKST: Terje Laberg er positiv til veksten i etableringar og trur det vil ha mykje å seia for Årdal. Arkiv
VEKST: Terje Laberg er positiv til veksten i etableringar og trur det vil ha mykje å seia for Årdal. Arkiv

2014 er dei siste tala som ligg føre, men Laberg fortel at dei veit noko om 2015 også. Dessutan har januar i 2016 vore ein spesiell månad.

– Det er kanskje den beste januar me har hatt på etableringar. Eg trur me har hatt ti bedrifter innom systemet vårt. Det kan sjølvsagt vera tilfeldig, og at det er ingen i februar og mars, men det er veldig spesielt, seier han. 

Omstillingsarbeid

Sist ein merka slik oppgang i talet på nye etableringar var under omstillingsarbeidet kommunen gjekk gjennom rundt 2008. Før det må ein tilbake til midten av 90-talet. 

– Nokre bedrifter er små, andre store. Dette kan også vera snakk om konsern som splittar seg opp. Alt dette kjem inn, men likevel er det eit uttrykk for rørsle og at det skjer noko. 

Laberg fortel at mange av nyetableringane ofte ikkje gir meir enn to til fire arbeidsplassar, men understrekar at det er normalen i Noreg og at det er her verdiskapinga skjer. Veksten har kome innanfor reiseliv og handel, men også ein del innanfor handverksfaga. 

God verdiskaping

Det positive er også at når det kjem til verdiskaping, er også Årdal i toppen, her på ein 3. plass bak Førde og Flora. Verdiskaping er summen av driftsresultat og lønskostnad. 

– Me kunne sjå at utviklinga snudde i andre halvår av 2014. Me merka det etter litt nedgang på våren. Veksten heldt fram utover hausten og gjennom heile 2015, men kanskje med nokre unntak av bedrifter som sliter, fortel Laberg.

– Det er klart at dette betyr mykje for Årdal. Me ser at gjelda til bedriftene i Årdal minkar og driftsresultatet aukar, og det betyr at bedriftene er ganske sunne. Det vil seia at det er ein god grunnmur for at Årdal skal utvikla seg positivt. 

Til toppen