Årdal: – Det gjeld å snakka med folk, og fortelja dei kva me driv med i pensjonistlaget. Eg kjenner mange i bygda, pratar med dei og får dei på glid, og so melder dei seg inn, seier Odd Øvregard, leiar i Årdal pensjonistlag.

Porten.no spurde han om kva som gjer at talet på medlemer har auka slik dei siste to åra.
Sjølve talet på pensjonistar i bygda har gått opp ein liten smule denne tida. Like fullt må styret få mykje av æra for auken i medlemstalet.
– Det er svært få som berre melder seg inn utan vidare. So det gjeld å gå på personane og drive litt aggressiv marknadsføring, seier Øvregard litt skjemtesamt.
Nytt styre i Årdal Pensjonistlag.
Odd Øvregard vart attvald som ny leiar på årsmøtet. Her er heile det nye styret, og åra dei er valt inn for:
Leiar: Odd Øvregard 2017-2019
Nestleiar/kasserar: Leif Åberge 2018-2020
Sekretær: Ragnhild Morland 2018-2020
Styremedlemer:
Johannes Bjørvik 2018-2020
Ola Buhaug 2018-2019
Margot Strøm 2017-2019
Annlaug Selland 2017-2019
Revisorar: Kari Nordeide og Arne Talsete
Valnemnd:
Kari Einan Moen 2018-2020
Magnhild Lie 2018-2020
Solrun Steinegger 2017-2019
Styret klarte å verva meir enn 70 nye medlemer til laget på dette viset i fjor.
– Det gjer det lettare å verva at me er eit so dyktig styre, og at folk i bygda ser kva me får til.
Øvregard fortel dei han snakkar med at dei er ynskte i pensjonistlaget og at det er kjekt å vera med på turar og arrangement saman. Ikkje minst er laget ein interesseorganisasjon for pensjonistar der medlemene støttar kvarandre.
No tel laget i Årdal 420 medlemer, og er soleis det suverent største i Sogn og Fjordane fylke. Og ein lyt heilt attende til 2012 for å finna sist gong pensjonistlaget i bygda var so stort.
Over 100 medlemer møtte opp då laget nyleg hadde årsmøte
Spelemennene Erling Sæbø og Arvid Atterås underheldt, og spreke medlemer frå seniordansegruppa svinga seg til tonane og rytmane.

– Og so stilte den fantastiske kjøkengruppa med gryterett og salat, kaffi og gode kaker. So det heile vart ein minnerik ettermiddag, melder Øvregard i årsmeldinga.
På møtet mimra laget seg gjennom alle arrangementa dei arrangerte i året som gjekk.
Datakurs
Til saman skipa pensjonistlaget til fem datakursøkter i 2017, heilt i starten og heilt i slutten av året. Det vart undervist i e-post, nettbank og digital postkasse.

I samband med datakursa ynskjer Odd Øvregard å takka fagansvarleg, instruktør, Årdalsnett og «ikkje minst ein fantastisk gjeng frå Årdal Vidaregåande skule som var med som instruktørar».
Indre Hafslo Spelemannslag stod for fjorårets største hending
Den 29. oktober kom Indre Hafslo Spelemanslag. Folk strøymde på, og nærare 160 personar møtte opp.
– Allsongen ljoma i heile Ungdomshuset. Når det i tillegg var høve til å ta seg ein svingom vart dette ein ettermiddag alle snakkar om, skriv Øvregard, som ynskjer å retta stor takk til Indre Hafslo Spelemanslag for ein fantastisk ettermiddag.
Tur til Tyskland
Pensjonistlaget fór i buss på tur til Tyskland ei veke i sommar. Dei reiste med Hansereiser, og både guiden og sjåføren var dyktige.

Mellom anna vitja pensjonistlaget keisarpalasset i den vesle byen Goslar. Dei fór og på landtur til ein endå mindre by, der dei fekk ei omvisning i Schloss Werningerode.
Attpåtil vart dei underheldt av sprudlande jodlarar.
– Å få besøk av ei lokal jodlegruppe frå Harzeland var eit kjekt innslag på turen.
Møte med pensjonistlaga frå Luster og Hemsedal
Hemsedal pensjonistlag kom på vitjing til Årdal heilt til sist i august ein dag.
– Den vakre dagen med sol frå klår himmel gjorde at me kunne syna stolt fram noko av det flottaste Årdal kan by på. Me fór både til Svalheim og under Skåri.

Heilt i byrjinga av sommaren var det årdølene som vitja eit anna pensjonistlag. 60 av medlemene fór til grendahuset i Fortun og heldt felles medlemsmøte med lustringane. Dei varta opp med gitarspel og song, trekkspelmusikk og dans.
– Ikkje nok med det, Stein Bugge Næss synte fram flotte bilete frå fjellturar i Luster. Og me vart serverte kjempegod betasuppe med brød, som også Luster pensjonistlag stod for. Me vil takka dei stort, melder Øvregard.
Inviterer føredragshaldarar på medlemsmøta

På det fyrste medlemsmøtet kom Årets Årdøl frå 2016, Steinar Drægni, for å snakka om Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter, der hardtarbeidande friviljuge legg ned ein stor innsats.
I mai hadde dei medlemsmøte i kantina på Rådhuset. Denne gongen var rådmann Olve Fossedal invitert for å halda eit innlegg om «Rikets tilstand» med fokus på dei eldre i Årdal.
Fossedal var innom tema som næringsutvikling, eldreomsorg, samlokalisering av legesenter, sjøbad på Tangen, klatrepark og dagsturhytta på Moakamben.
I september hadde dei medlemsmøte i ungdomshuset i Øvre Årdal.
– Bjørn Hunshammer hadde eit svært interessant og tankevekkande innlegg om el-tryggleik, noko dei frammøtte sette stor pris på og truleg har fått ny kunnskap om.

Samstundes vil han òg rosa Aslaug Solheim for den «nydelege rømmegrauten» ho serverte, med spekemat og flatbrød til. Attpåtil vart det servert gjærkringle til kaffien denne dagen. All den gode maten og musikken gjorde dei frammøtte reint høgstemte.
– Åresalet gjekk so det susa, kan Øvregard stadfesta.
Julebordet deira vart i år halde på Klingenberg hotell. Her stod Helga Søgnen Hestetun for eit lokalhistorisk innslag frå Ytre Sogn, då ho fortalde om julefeiringa frå den gongen ho vaks opp i Vadheim.