UEINIGE: – Slik eg les forslaget frå Senterpartiet, forståe eg det at me ikkje skal ta del i denne nasjonale dugnaden, uttalte Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), noko som fekk Aleksander Øren Heen (Sp) til å reagera. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UEINIGE: – Slik eg les forslaget frå Senterpartiet, forståe eg det at me ikkje skal ta del i denne nasjonale dugnaden, uttalte Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), noko som fekk Aleksander Øren Heen (Sp) til å reagera. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal seier ja til å busetja ti syriske flyktningar

– Krigen i Syria har skapt ei ekstraordinær krise.

I det såkalla Syria-kompromisset er fleirtalet på Stortinget blitt einige om å ta imot 8000 syriske overføringsflyktningar dei neste tre åra. I samband med dette har integreringsminister Solveig Horne (Frp) tidlegare kome med ei oppmoding til kommunane om å ta imot fleire flyktningar. 

I Årdal er kommunestyret med unntak av eitt parti også blitt einige om å ta imot ytterlegare ti syriske flyktningar. Det kjem på toppen av dei 31 kommunen allereie er beden om å busetja.

Frå 2013 har kommunen eit vedtak om å busetja to barnefamiliar og to vaksne i perioden 2014 til 2016.

– Krigen i Syria har skapt ei ekstraordinær krise. 12 millionar syrarar er på flukt. FN sin høgkommisær har fleire gonger bedt det internasjonale samfunnet om å ta ansvar. At me mottek fleire og hjelper i nærområdet, viser at det handlar om både og, ikkje anten eller, sa Stein Idar Sem Johansen.

På vegne av Arbeidarpartiet fremja han forslaget om å at kommunen aukar på flyktningar frå Syria med fem kvart år i 2016 og 2017. 

Ville ikkje låse opp

NYTT FRAMLEGG: Aleksander Øren Heen kom med ein relativt likt framlegg som Ap, men med ei litt anna innretning.
NYTT FRAMLEGG: Aleksander Øren Heen kom med ein relativt likt framlegg som Ap, men med ei litt anna innretning.

Dette forslaget støtta Senterpartiet, men Aleksander Øren Heen hadde eit alternativ. I forslaget han fremja ville ikkje Senterpartiet låse seg opp til kven kommunen skal busetja. 

– Det kan vera like god hjelp i å busetja fleire av dei som sit på vent på mottak i Årdal som viss me tek imot frå andre plassar. Den totale summen er viktigast i dette spørsmålet etter vår vurdering, sa han og la til at han trur det er lettare å få busett dei som allereie sit på mottak i Årdal i dag.

Nasjonal dugnad

– I dag er det om lag 7500 personar som har fått opphald i Noreg og som ventar på å bli tildelt ein kommune å bu i. Og så har Stortinget bestemt at me skal ta imot 8000 fleire som kjem på toppen av dette. Me meiner at det er ikkje me som skal ta stilling til kven av dei gruppene me buset, men at me aukar tal busette. 

Dette forslaget stilte Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) spørsmål ved. Ho hevda Senterpartiet med det forslaget ikkje vil ta del i den nasjonale dugnaden, noko Heen avviste blankt.

– Påstanden frå Brandsdal er at me ikkje tek del i den nasjonale dugnaden det er å få busett folk som har fått opphald i Noreg og skal integrerast i kommunane. Det er jo akkurat det me legg opp til i vårt forslag på lik linje med Ap, men det er ei litt anna innretning fordi me vil ikkje låsa oss opp til kva gruppe me skal ta frå, svarte han. 

Frp røysta imot

Forslaget til Senterpartiet fall med tre røyster, og dei støtta difor opp om framlegget til Arbeidarpartiet. Det var det berre Framstegspartiet som røysta imot. Geir Hilmar Sandvik forklarte kvifor han er ueinig.

TV: Hilmar Høl (Ap) stilte Geir Hilmar Sandvik spørsmål om han ikkje hadde TV i hus.
TV: Hilmar Høl (Ap) stilte Geir Hilmar Sandvik spørsmål om han ikkje hadde TV i hus.

– Det kjem kanskje ikkje som ei overrasking. Eg meiner at på grunn av dei økonomiske utfordringane skal me ikkje auke talet flyktningar. Dette er personar som ikkje skal innom mottak heller, så dei skal forbi dei som er der no. Eg forstår ikkje at desse skal rett ut i kommunane. Er me klar til å ta dei utfordringane? spurte han.

– Har de ikkje TV i hus?

Svaret frå Hilmar Høl (Ap) er ja, men det føreset at finansminister Siv Jensen (Frp) gjer sitt for at kommunen greier det, understreka han.

– Eg lurer meg på kva slags tilnærming de har til ei humanitær krise som er den største sidan verdskrigen. Det er folk som er på flukt. Har de ikkje TV i hus?

IMOT: Geir Hilmar Sandvik (Frp) meinte Årdal ikkje har økonomi til å ta imot fleire flyktningar.
IMOT: Geir Hilmar Sandvik (Frp) meinte Årdal ikkje har økonomi til å ta imot fleire flyktningar.

– Eg ser ein del på TV. Eg får nok med meg det som skjer, men me har kanskje litt ulik oppfatning. Me får tildelt kvitar via FN, og me meiner størstedelen må hjelpast i nærområda. Dei som kjem hit er lottovinnarane, dei med størst ressursar frå før, svarte Sandvik med påfølgjande svar frå Høl.

– Kvifor innretta Frp seg ikkje etter fylkeskonsulenten som seier at det ikkje går an å tilby alle hjelp i Syria, at vestlege statar må ta imot flyktningar fordi me ikkje kan hjelpa dei der?

Høgre einig med Ap

Framlegget til Sandvik fall med berre ei røyst. Også Høgre gjekk inn for Ap sitt forslag.

– Her er det snakk om ei folkegruppe på flukt, og me skal følgja Stortinget sitt vedtak. Det er sjeldan Høgre er einig med Ap, men her støttar eg dei fullt ut, sa Ingvild Standnes

Til toppen