Årdal sikra plassen etter ein ellevill kamp mot Tornado Måløy

Årdal spelar i 3. divisjon også neste sesong etter at seriefinale mot Tornado Måløy enda 3-3.

Eitt poeng var alt som måtte til for at Årdal skulle sikra plassen, og det var akkurat det Årdal fekk då dei spelte 3-3 mot Tornado Måløy.

Ein billett til fornya spel i 3. divisjon stod på spel då Årdal tok imot Tornado Måløy. Poeng ville sikra plassen, uavhengig av korleis det gjekk med Bergsøy og Larsnes/Gursken. 

Og det det var akkurat det Årdal fekk i det som var ein høgdramatisk kamp på Jotun krøllgras. Tornado Måløy tok ei tidleg leiing i kampen og fekk den med seg inn til pause, men etter kvilen var det Årdal som skulle få ein god start. 1-1 før eit par minuttar var spelt gjorde sitt til at laget frå industribygda igjen var trygge.

Men då slapp heimelaget seg ned og kom igjen under. Det ville ikkje Johnny Aspeseter Hagen ha noko av og satte inn sitt andre til 2-2. Preben Strypet fekk to sjansar frå krittmerket etter det, men fekk berre eitt av forsøka i mål. 

– Vill kamp

Ein skulle tru at kampen var så godt som over no, men det seier seg nesten sjølv at ein slik kamp måtte få ei høgdramatisk avslutning. På tampen utlikna gjestane, men fleire mål vart det ikkje, og dermed spelar Årdal i 3. divisjon også neste sesong.

– Dette hadde eg ikkje trudd. Dette var ein vill kamp. Ekstra deilig at me går sigrande ut av han. Eg kan ikkje tenka meg korleis det hadde vore å tapt denne kampen her for det hadde vore ufortent, seier tomålsscorar Hagen til Porten.no, som også frå skryt av Årdal-trenar Ivan Øy.

– Endeleg. Han var tent i dag. Han har vore skadd i 14 dagar. Han virka veldig tent og var klar i dag, seier Øy til Porten.no.

– Føles som me har vunne serien

23 år gamle Hagen skal ha ein stor del av æra for at Årdal no har sikra plassen med sine to mål, og for Øy kjennast dette ut som ein ligasiger sjølv om det vart spelt for å unngå nedrykk.

– Det kjennes ut som me har vunne serien. Me har ikkje det, me har berre greitt å halda oss. Dette var ein thriller utan like. Det er to lag som kjempar for å overleva, og då blir det høge skuldrar på begge lag, held Øy fram.
Årdal fekk ein verst tenkeleg start på kampen. Før fem minuttar var spelt låg dei heilraude under då Gisle Gisle Myhre satte inn 1-0.

– Då tenkte eg «Faen, det var det eg trudde», seier Øy. 

– Det ser me. Tornado er gode på dødball. Det er der dei har scora dei fleste måla sine. Kampen bar preg av at me alltid var litt på etterskot.   

Brzycky traff tverrliggaren

Det tok ikkje lang tid før Årdal markerte seg med sin første sjanse. I det 15. minuttet spelte Årdal seg til hjørnespark. Johnny Aspeseter Hagen svinga den perfekt inn i feltet. Der ruva Marcin Brzykcy høgast i lufta, men forsøket gjekk i tverrliggaren.

Årdal var det beste laget på krøllgraset, men på siste tredjedel av bana stoppa det ofte opp for heimelaget, som sleit med komma til kvalifiserte avslutningar. 

Gjestane i blått trua Årdal på eit par kontringar, og spesielt Endre Kupen var ein konstant trussel med farten sin. Men heller ikkje Tornado Måløy klarte å finne nettmaskane, men kunne ta med seg ei leiing inn i garderoben. 

Hagen utlikna

Kva Ivan Øy og trenarteamet sa til spelarane sine i garderoben er uvisst, men Årdal kom ut som eit nytt lag. Tre minuttar ut i omgangen hadde heimelaget hjørnespark. Ingen fekk kontroll på ballen, som til slutt fell til Hagen. 23-åringen banka til på volley og satte inn den viktige reduseringa.

– Dei følte sjølv at dette var urettferdig, men det som skjedde i første omgang var at me fekk eit stort strekk i laget på overgangane, som gjorde at me ikkje fekk nok folk opp i boks. Me hadde massevis av sjansar, og i pausen bestemte me oss for at me skulle gå ut og ta tak i kampen, fortel Øy. 

Plutselig var plassen sikra igjen. Men då såg det også ut til at nervene byrja å melda seg hjå heimelaget. 

Tornado Måløy tok gradvis meir og meir over kampen og spelte seg til fleire gode avslutningar. Like etter timen var spelt fekk Sveinung Frantzen omsider treff og satte inn 2-1.

– Det var for mange spelarar som gjorde dei same bevegelsane, og me observerte ikkje kva som skjedde hjå motstandaren, som gav dei mykje rom å boltra seg. Dessutan gav me vekk mange unaudsynte nødballar, held Øy fram. 

To sjansar frå straffemerket

No byrja heimelaget å skjønna alvoret igjen, og med 20 minuttar att på klokka spelte Eirik Rode gjennom Edin Øy. Sistnevnte vart felt innanfor 16-meteren og tildelt straffe. 

Preben Strypet fekk sjansen frå ellevemetersmerket, men satte ballen i stolpen. Returen fall tilbake til Årdal-spissen som sendte ballen i mål. Men sidan ballen gjekk i stolpen, blei målet annullert sidan han ikkje kan setja forsøk i mål.

Snakk om uflaks, men Årdal skulle få fleire sjansar. I det 75. minuttet hadde heimelaget igjen hjørnespark, og igjen skulle det blir farleg. Etter litt klabb og babb havna ballen hjå Hagen igjen, som satte inn sitt andre for dagen. 

Utlikning på overtid

Årdal var på trygg grunn no, og hadde ingen planar om å gjera samme feilen på nytt. Heimelaget fortsatte trykket. Hagen blei felt, og Strypet fekk ein ny sjanse frå straffemerket. Denne gangen låg ballen i nettmaskene til enorme gledesscener både på bana, på sidelinja og blant publikum.

Men gjestane hadde ikkje tenkt til å gi seg der. I det kampen entra dei siste minuttane kom utlikninga frå Tornado Måløy. 

Årdal heldt unna, og dermed er ein billett i 3. divisjon sikra!

Til toppen