SERIØS GLIPP: I februar vart personlege opplysningar om femten personar i Årdal ved ein glipp lagt ut på kommunen sine nettsider. No har bota for glippen blitt endeleg fastsett. Foto: arkiv.
SERIØS GLIPP: I februar vart personlege opplysningar om femten personar i Årdal ved ein glipp lagt ut på kommunen sine nettsider. No har bota for glippen blitt endeleg fastsett. Foto: arkiv.

Årdal slepp kjempesmell etter alvorleg dokumentlekkasje

Kommunen fekk redusert bota frå ein kvart million til femti tusen kroner etter klage til personvernnemnda.

Årdal: Det var i februar i fjor at eit 145 sider langt dokument med sensitive opplysningar om femten innbyggjarar i Årdal ved ein feil vart lagt ut på postlista til kommunen.

Til Porten.no omtalte advokaten til eitt av offera saka som den mest alvorlege han hadde sett.

Les også: Publiserte private opplysningar i postjournal

Den opphavlege bota frå Datatilsynet var på 250.000 kroner, men vart seinare redusert til 150.000. Kommunen klaga summen inn til personvernnemnda, som no har redusert bota til 50.000 kroner.

I grunngjevinga har nemnda vektlagt at lekkasjen var eit utilsikta brot på rutinane og at det framstår som ei enkeltståande hending. Samstundes framhevar dei den raske reaksjonen frå kommunen, som kontakta Datatilsynet straks etter at dei oppdaga feilen, samt at dei sørga for kompensasjon for offera i ettertid.

Avgjerda er endeleg.

Til toppen