GENERALPRØVE: Jan Kåre Stedje, Ivan Øy og Årdal FK fekk ein fin generalprøve før cupkampen mot Eid i helga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GENERALPRØVE: Jan Kåre Stedje, Ivan Øy og Årdal FK fekk ein fin generalprøve før cupkampen mot Eid i helga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal slo Voss i generalprøven

Tre scoringar frå Marius Loftheim gir årdølene godkjensla før cupkampen.

Voss – Årdal 2-3

Voss: Årdal var over fylkesgrensa onsdag kveld og spelte treningskamp mot Voss. Vossingane spelar i same divisjon som årdølene og gir dermed fin matching før alvoret startar i helga.

Onsdag kveld var det Marius Loftheim som var i fyr og flammar. Ungguten scora alle tre måla for Årdal då dei slo vossingane 3-2. 

Sigeren kjem berre nokre dagar etter at dei slo avdelingskollega Sogndal 2 på krøllgraset i Øvre Årdal. 

– Det var kjekt for Marius å få seg eit hat trick. I tillegg er det godt å få halde på ei godkjensle som ein siger gir inn mot kvalik på søndag, seier trenar Ivan Øy.

Då er Eid gjestar i den første kvalifiseringsrunden til NM. 

Til toppen