Årdal – Sogndal 2 2-1 / Strømsgodset – Sogndal 5-0 / Fyllingsdalen – Fjøra 2-0
Årdal: På krøllgraset i Øvre Årdal var divisjonskollega Sogndal 2 gjestar. Der var det Sogndal som tok leiinga i 1. omgang, men Årdal avslutta sterkt og snudde til 2-1-siger takka vere scoringar frå Vegard Aafedt Bukve og Joachim Furset.
– Det var ein bra gjennomført kamp av oss. Målet var å gjera det betre enn mot Førde, så intensivt var dette mange hakk opp. Det er i tillegg eit pluss at me snur kampen, seier Årdal-trenar Ivan Øy.
Sjansemessig var laga omtrent like gode dei første 45 minuttane, der Sogndal altså fekk ballen i mål først, men likevel var det kanskje gjestane som spelte best fotball. Etter pause såg laget heilt annleis ut.

– Me gjer mykje rart med ball og får stygge brot imot, så det er heilt greitt at Årdal vinn, seier Sogndal 2-trenar Rune Bolseth.
Utviklingsarena
Han hadde med seg eit ungt lag med mellom anna Edin Øy på kanten. Slik blir laget også sjåande ut komande sesong.
– Det blir stort sett denne gjengen. Det blir litt A-lagsspelarar og elles reint juniorlag. Målsetnaden er å utvikle oss og skape førstelagsspelarar på sikt. Samstundes er det viktig å gi eit kamptilbod til dei på A-laget som treng det.
Det er framleis ein månad att til seriestart, men om ei veke blir det noko meir alvor når Eid kjem til Årdal i det som vert den første 1. kvalifiseringsrunden i NM, men før det skal årdølene møte Voss onsdag kveld.
– Det var godt å møte eit såpass bra Sogndal 2-lag med unge fremmadstormande spelarar som set oss på prøve. Det var stor betring i dag med ein del unge som fekk sjå kva nivå me bør liggja på, seier Øy.
Kjempesmell for Sogndal
Også i Drammen har det blitt spelt treningskamp i dag. Der var Sogndal sine beste menn i aksjon mot Eliteserie-kollega Strømsgodset, men det blir ein kamp sogndølene helst vil gløyme.
Der gav Jakob Glesnes vertane leiinga etter 28. minutt. Tokmac Nguen dobla den leiinga i det 43. minuttet. Og like etter kom Marco Tagbajumi si første scoring i kampen. Han scora også seks minutt ut i 2. omgang før Kristoffer Hoven la på til 5-0 i det 70. minuttet. Ein skikkeleg smell to veker før sesongstart.
Også Fjøra har vore i aksjon i dag. Dei møtte Fyllingsdalen på Voss, der det vart 0-2-tap.