Årdal snytt for sesongens første siger

Årdal snytt for sesongens første siger

Årdal hadde tre poeng i lomma, men ei sein utlikning gav poengdeling mot Eid.

Eid - Årdal 3-3

Årdal har framleis til gode å vinne denne sesongen etter tap for Kristiansund BK og uavgjort mot Stryn førre helg. 

Mot Eid var laget på jakt etter sesongens første tre poeng, og det byrja bra då Eirik Rode gav årdølene leiinga etter 30 minuttar med eit lekkert frispark frå 18 meter.

Raudtrøyene var på veg å ta med seg leiinga inn i garderoben til pause, men Bjørn Totland ville det annleis. Den spelande Eid-trenaren sette inn utlikninga med hovudet i det 45. minuttet.

Årdal gjekk knallhardt ut etter kvilen, og det tok berre tre minuttar før Robin Moheim fann nettmaskene for Årdal. Spissen utnytta ei misforståing mellom forsvar og keeper og fekk det enkelt då han heada inn 2-1.

Leiinga varte ikkje lenge. Eid storma fram i angrep, og frå 25 meter banka Johan Skorge inn 2-2 berre to minuttar etter at Årdal tok leiinga.

Måla kom som perler på ei snor no. Like før timen var spelt vart Christian Stedje spelt gjennom. Fra 6-7 meter sendte han Årdal opp i leiinga for tredje gong i kampen med si første scoring for sesongen.

Det roa seg ned no, men med ei eit nervøst preg over kampen såg det nok ein gong ut til at Årdal skulle forsvara leiinga til dommaren bles i fløyta, men to minuttar før slutt Runar Lillestøl Naustdal opp framføre mål og sette inn 3-3, som blei sluttresultatet.

Årdal står dermed med to poeng av ni moglege så langt denne sesongen. 

Til toppen