TIL SOGNDAL: Eirik Lereng (midten) melder overgang frå Årdal til Sogndal. Det stadfestar begge klubbane til Porten.no. Foto: Elin Hæreid.
TIL SOGNDAL: Eirik Lereng (midten) melder overgang frå Årdal til Sogndal. Det stadfestar begge klubbane til Porten.no. Foto: Elin Hæreid.

Årdal-spelar klar for Sogndal

Årdal-spelar Eirik Lereng melder overgang til Sogndal.

Årdal: Årdal-spelar Eirik Lereng har meldt overgang til Sogndal. Det stadfestar leiar i Årdal Fotballklubb, Geir Kjetil Øvstetun, til Porten.no.

– Eirik har etter eige ønske bede om å få gå til Sogndal. Det kan ikkje me nekta han, seier Øvstetun, som ønskjer Lereng lykke til på andre sida av fjorden.

Lereng vart henta opp på førstelaget til Årdal i fjor og fekk fleire kampar i 3. divisjon. 

– Eg veit kva han står for, veit at han tok mange steg i fjor og synest han er ein spennande spelar, seier utviklingssjef i Sogndal Fotball Anders Stadheim, som nettopp hadde fått stadfesta at papira var i orden då Porten.no ringte.

Må kjempe om plassen

Stadheim var ein del av trenarapparatet til kretslaget i fjor og kjenner til ungguten derifrå.

 – Kor i systemet er Lereng tenkt?

– Om det blir spel for 2. laget, er det heilt opp til trenar Rune Bolseth og Marius Kloster å bestemme. Me har også eit Sogndal 3-lag i 5. divisjon. Det er ein konkurransesituasjon der han stiller likt med alle andre.

Slank tropp

For Årdal sin del betyr dette at ein allereie slank tropp blir litt tynnare, men samstundes har to nøkkelspelarar meldt seg til teneste.

– Troppen vår blir mindre, og dette er ei utfordring me jobbar med. No har både Ørjan Skilbrei og Endre Kauppi Straumsheim avklart at dei blir med oss, og det er både vesentleg og viktig for oss. I tillegg bør me prøva å få inn att ein ny spelar, seier Øvstetun. 

Dette er ikkje første gongen at ein årdøl forsvinn til Sogndal. Her kan Tommy Øren, Henrik Furebotn, Truls Hovland, Edin Øy og Sivert Mannsverk nemnast. 

– No er ikkje dette noko me har vore aktivt ute etter. Det blei eit omsyn til treningskvardag og kampkvardag, og då er det fullt lovleg å koma hit for spennande spelarar som har lyst å bli gode i fotball, seier Stadheim.

Til toppen