UAVGJORT: Det enda uavgjort då Årdal spelte mot Dale.
UAVGJORT: Det enda uavgjort då Årdal spelte mot Dale. (Foto: Sander Øvstetun)

Årdal spelte uavgjort mot Dale

Det enda uavgjort då Årdal møtte Dale på Jotun stadion i dag.

Årdal – Dale 2 - 2

Dale leia 0-1 fram til pause etter scoring frå Einar Aase.

Ei blaut grasmatte har ført til mykje dårleg spel og fleire dårlege duellar, i følgje trenar for Årdal, Ivan Øy. 

Årdal styrde spelet, men kom kun til halve sjansar. 

Dale forsvarte seg godt, og skapte eit par sjansar på kontring. Dette førte til at heimelaget var frustrerte, og Øy poengterte at laget måtte ein del hakk opp etter pause for å greia snu.

2-2 etter pause

Årdal tok seg opp, men det hjelpte ikkje.

Det enda 2-2 på Jotun stadioen denne laurdagen. 

Etter scoring frå Vegard Dyrstad gjekk Dale opp i leinga 0-2, låg lågt og tok alle kontringane dei fekk.

Årdal skapte lite i dag. Dei fekk redusert til 1-2 på eit sjølvmål etter eit frispark som blei stussa inn, og etter dette tok dei seg godt opp og styrde kampen vidare.

Joachim Furset kom seg laus på ventresida og la inn til Nicolai Laberg som heada ballen i mål. Begge laga kom til ein del halve sjansar, men bana spelte nok ei stor rolle i dag. 

Ballen spratt mykje, og spelarane sklei ute på den blaute bana. 

ETTER KAMPEN: Årdal meinte nok at dei fortjente å vinna i dag. Foto: Ivan Øy

Debut for to spelarar

Elias Moen og Espen Rudi debuterte på heimebane i dag. Kaptein, Brede Ylvisåker, vart kåra til dagens beste spelar. 

Ellers var det høg temperatur, og mange duellar.

Skal laga eit godt fundament

Det heile enda uavgjort, men Årdal følte at dei burde ha vunne kampen.

– Me styrde det meste av spelet, Dale er effektive på sjansane sine, men me har trekka og skapar ein del halve sjansar. Me burde nok drege det her i land, men me seier oss ikkje misnøgde. Me tok oss innatt ved at det enda 2-2, seier trenar Ivan Øy etter kampen. 

Han seier at Årdal ikkje har fokus på å vinna alle kampane.

– Viss me vinn alle kampane rykker me opp, men det har me ikkje plan om. Me brukar denne sesongen på å få på plass ein del spelarar, og prøver laga eit bedre fundament enn det me har hatt i det siste. Me skal tapa noko, spela noko uavgjort, og vinna noko.  



Til toppen