KLAGAR PÅ VEDTAK: Arild Ingar Lægreid og Årdal kommune klagar på Politidirektoratet sitt vedtak om å legge ned lensmannskontoret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLAGAR PÅ VEDTAK: Arild Ingar Lægreid og Årdal kommune klagar på Politidirektoratet sitt vedtak om å legge ned lensmannskontoret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal står på sitt – klagar på nedlegginga av lensmannskontoret

Årdal kommune gjer som nabokommunen Aurland og klagar på at lensmannskontoret vert nedlagt og samlokalisert i Lærdal.

Årdal: Som varsla til Porten.no, stetta mellom anna Marie Helene Hollevik Brandsdal og Arbeidarpartiet klagen i formannskapet tysdag.

– Me stettar rådmannen si drøfting når det kjem til at avgjerdsla er fatta på sviktande grunnlag. Med alle utfordringane me har og det gode førebyggjande arbeidet som vert gjort, er det lov å vere skuffa over Politidirektoratet (POD) si beslutning. Me gjer heilt rett i å klage, sa ho.

SKUFFA: Bransdal meinte det må vere lov å vere skuffa over vedtaket til POD og at kommunen gjer rett i å klage.
SKUFFA: Bransdal meinte det må vere lov å vere skuffa over vedtaket til POD og at kommunen gjer rett i å klage.

Det var representantane frå både Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne samde i, og alle reknar med at kommunestyret vil gå samrøystes inn for å klaga. 

Tilliten til vedtaket er svak

I klagen som dei no sender inn, peikar kommunen mellom anna på at vedtaket til POD vektlegg nærleik til trafikk, tunnelar, institusjonar og samarbeidspartar sterkare enn nærleiken til folk og nærmiljø.

«Dette står i skarp kontrast til dei politiske føringane som ligg til grunn for reforma og er sterkt medverkande til at tilliten til gjeldande vedtak er svak i høve til dei lokale forventingane ved innleiinga til reformarbeidet», skriv kommunen.

– Det var godt og presist skrive og viktig å ha med. Sjølvsagt skal den mest folkerike kommunen med flest utfordringar ha sitt eige kontor, sa Sandra Opheim (MDG).

STIKK: Horpen kom med eit lite stikk til Ap som røysta for reforma, men som no hadde endra meining.
STIKK: Horpen kom med eit lite stikk til Ap som røysta for reforma, men som no hadde endra meining.

Kom med stikk til Ap

Hilde Horpen (Sp) var samd. Ho la ikkje skjul på at Senterpartiet har vore imot reforma heile vegen – og kom med eit lite stikk til Arbeidarpartiet.

– Det er moro å høyre kva Ap seier. De røysta jo for denne reforma, men no som det er sett ut i livet, er de imot. Det er kjekt å høyra at det har endra meining, sa Horpen.

Til toppen