TAPAR OG VINNAR: Medan Årdal kommune vil tape pengar på det nye inntektsystemet, vil Lærdal kommune gå i pluss. Kart: Mapbox.
TAPAR OG VINNAR: Medan Årdal kommune vil tape pengar på det nye inntektsystemet, vil Lærdal kommune gå i pluss. Kart: Mapbox.

Årdal tapar på nytt inntektsystem – Lærdal i pluss

Dersom regjeringa sitt framlegg blir ein realitet vil Årdal tape 2,6 millionar kroner årleg. 

Årdal/Lærdal: Det er KS som har rekna ut kor mykje kommunane vil tape eller vinne på det nye inntektsystemet som regjeringa foreslår, skriv Firda.

Ut frå dei strengaste kriteria vil 20 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane tape til saman 70 millionar kroner. Ein av desse kommunane er Årdal, som vil tape rundt 2,6 millionar kroner.

Nabokommunen Lærdal derimot er ein av vinnarane. Dei er ein av seks kommunar som ligg an til å gå i pluss med nytt inntektsystem. Kommunen vil få 1,4 millionar kroner meir.

Det kunne ha vore verre for Årdal. Samanliknar ein med resten av fylket, ligg Årdal midt på treet i denne samanhengen. Verst er det for Gloppen og Eid, som begge vil tape over 7 millionar kroner. 

Til toppen