TAP: Årdal mista leiinga etter fredagens kamp.
TAP: Årdal mista leiinga etter fredagens kamp.

Årdal tapte 3-1 - Førde tek over toppleiinga

Årdal FK spelte i kveld bortekamp mot Førde, kampen enda 2-1, og dermed tok Førde over tabelltoppen

Til pause leia Førde 1-0 etter skåring frå den tidligare Sogndal-spelaren Vegard Gjermundstad. Målet kom etter eit hjørnespark der den høgreiste stoggaren frå Vadheim, på akrobatisk vis skåra 1-0. Førde kunne gått til pause med 2-0, men skotet frå Ruben Holsæter, ti minutt før pause, gjekk i stolpen.

Nesten halvveges spelt i andre omgang utlikna Årdal. Truls Hovland heada eit frispark i tverrliggaren, på returen var Fredrik Sørli klar, og pirka inn 1-1. Årdal augna håp om å få med seg heim eitt poeng, men omlag 15 minutt før slutt fekk Førde straffe. Kaptein Gjermundstad tok nok ein gong ansvar, og sette straffa ned i det venstre hjørnet. Etter 83 minutt traff Førde nok ein gong stolpen, då Sander Aamelfot fyrte laus.

På overtid punkterte sogningen Kristian Hauståker kampen då han runda keeper etter gjennomspel frå Mathias Sagevik.

Med 3-1 siger tok Førde over tabelleiinga frå Årdal på målforskjell. Dermed blir det ein spennande haust for laga, som begge står med 33 poeng.

Til toppen