FOR STERKE: – Dette er sesongens beste Florø 2-lag dei stiller med. Slik er det berre i denne diskusjonen om andrelag, seier Ivan Øy etter 1-4-tapet for eit sterkt Florø 2-lag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FOR STERKE: – Dette er sesongens beste Florø 2-lag dei stiller med. Slik er det berre i denne diskusjonen om andrelag, seier Ivan Øy etter 1-4-tapet for eit sterkt Florø 2-lag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal tapte for eit forsterka Florø 2-lag

Med fleire førstelagsspelarar i troppen vart Florø 2 nokre hakk for sterke for Årdal.

Florø 2 – Årdal 4-1

Dermed tok den enorme rekka med kampar utan tap slutt for Årdal etter fem sigrar og fire uavgjort på dei siste ni. Hadde den halde fram laurdag med poeng mot Florø 2, ville plassen i 3. divisjon blitt sikra. 

Men slik gjekk det ikkje. Eit forsterka Florø 2-lag vart nokre hakk for gode og sendte årdølene heim att med 1-4 i bagasjen. Ørjan Skilbrei scora raudtrøyenes einaste mål.

– Dette er sesongens beste Florø 2-lag dei stiller med. Slik er det berre i denne diskusjonen om andrelag. Dei har sjansen til å styrka laga sine med antatt betre spelarar med den store stallen dei har. Det kan ikkje me seia noko på, seier Ivan Øy etter kampen. 

MÅ GJERA DET SJØLV: Årdal har framleis Florø 2 og Kristiansund 2 bak seg, men Øy meiner dei må gjera jobben sjølv for å sikra plassen i 3. divisjon. Arkiv
MÅ GJERA DET SJØLV: Årdal har framleis Florø 2 og Kristiansund 2 bak seg, men Øy meiner dei må gjera jobben sjølv for å sikra plassen i 3. divisjon. Arkiv

Spenning i botnen

No er det seks poeng att å kjempe om, og plutseleg er det langt meir spennande i botnen. Kristiansund 2 spelar ikkje før i søndag mot Hødd 2, og Årdal må håpe at Hødd 2 gjer jobben her og tar tre poeng. Då vil eitt poeng mot Brattvåg i neste heimekamp vera nok sidan årdølene har ein suverent betre målforskjell enn laget frå Kristiansund.

Blir det siger mot Brattvåg, som allereie er sikra opprykk og kan komma til å stilla med eit svakare lag, er plassen sikra sidan raudtrøyene då vil ha 35 poeng, medan Florø 2 maks kan ta 34 poeng.

– Me må gjera jobben sjølve. No må me nullstilla oss og gjera jobben skikkeleg. Denne kampen må me legga bak oss så fort som mogleg, og så må me bretta opp ermene mot Brattvåg. 

Forsterkningane gav 1-0

Situasjonen for Florø i 2. divisjon er allereie avklart, og blant dei som starta denne kampen for Florø 2 var Stefan Aase og Tord Hovden, og det var nettopp desse to som gav heimelaget leiinga i det 15. minuttet. Aase med målgjevande pasning til Hovden.

Les også: Kan avgjera lagnaden mot kjende fjes

UTLIKNA: Ørjan Skilbrei scora målet for årdølene. Arkiv
UTLIKNA: Ørjan Skilbrei scora målet for årdølene. Arkiv

I det halvtimen var passert noterte Oddne Årdal seg for ein stor sjanse, men forsøket vart hindra. Meir dårleg nytt for gjestane sju-åtte minutt før pause då Brett Jason Fellows fekk gult og dermed må stå over neste kamp mot Brattvåg.

Raudtrøyene skulle likevel få seg ein opptur før kvilen. Eitt minutt før laga gjekk i garderoben rota ein Florø 2-spelar det til. Preben Strypet fekk ballen og fann Ørjan Skilbrei som sette inn 1-1.

– Me hang litt etter frå starten av 1. omgang og kom inn i kampen først midtvegs. Me gjekk inn til pause med 1-1 og blei einige om å stå opp i 2. omgang og kjempa den krigen Florø 2 la opp til, men me blei overkøyrt i starten av omgangen.

Store sjansar

Etter rapportane på Firda Live å dømme, kan det verke som at årdølene var heldige som fekk med seg det målet til pause, og det første kvarteret i 2. omgang hadde vertane fleire gode sjansar til å ta leiinga. Til slutt var det Hovden igjen som sette inn 2-1 i det 58. minutt.

– Me kom oss ikkje inn i kampen etter det, og me tapte for eit betre lag. Me kom oss aldri opp på det nivået me pleier å ha, held Øy fram. 

Vart for sterke

Heimelaget heldt fram å presse på og skapte fleire gode målsjansar, og til slutt måtte mål nummer tre for vertane komme. Erlend Hove stupheada inn 3-1 kvarteret før slutt.

På tampen fekk Florø 2 straffespark og Aase, som til då hadde assistert to av måla til heimelaget fekk sjansen til å få seg ei nettkjenning han også. Den sjansen greip og sendte dermed Florø 2 over nedrykksstreken.

No ventar Brattvåg i sesongens siste heimekamp neste helg. Deretter skal Årdal avslutta sesongen på Høddvoll mot Hødd 2. 

Til toppen