Årdal tapte for Gran

Årdal tapte for Gran

Raudtrøyene tapte då dei gjesta det nyopprykka laget. 

Gran – Årdal 2-1

Gran: Dagens vertar, som held til sør i Oppland fylke nokre få mil frå Hønefoss, var eit av fire lag som enno ikkje hadde tatt poeng denne sesongen, men det vart det slutt på laurdag.

Det nyopprykka laget tok leiinga mot Årdal i det 28. minutt i snøvêret, men ifølgje oppdateringane frå årdølene på Facebook, var det dei som hadde dei største sjansen før og etter opningsmålet. 

Det stod 1-0 til pause til heimelaget, men sjansane var det altså gjestane som hadde flest av. Slik heldt det fram også i 2. omgang.

Men i staden for at Årdal klarte å utlikna, gjekk Gran opp i 2-0 med drøye 20 minutt att på klokka. Først etter dette klarte årdølene endeleg å få ballen i mål, men berre den eine gongen. 

Dermed enda det med 1-2-tap i sesongens fjerde runde. Årdølene står dermed berre med den eine sigeren mot Kongsvinger 2 førre helg. 

 

 

 

 

 

 

Til toppen