TRENINGSKAMP: Årdal FK tapte treningskampen mot Fjøra onsdag. Bakary Traore, Joar Hoberg og Eirik Kristoffersen scora for Fjøra, medan Anders Lereng vart einsleg målscorar for Årdal. Foto: Kaja Nygård 
TRENINGSKAMP: Årdal FK tapte treningskampen mot Fjøra onsdag. Bakary Traore, Joar Hoberg og Eirik Kristoffersen scora for Fjøra, medan Anders Lereng vart einsleg målscorar for Årdal. Foto: Kaja Nygård 

Årdal tapte mot Fjøra: – Me må satse på dei unge 

Det blei tap for Årdal FK, då dei spela treningskamp mot Fjøra onsdag. Likevel var dette god trening og dei unge spelarane fekk prøve seg, og det meiner trenar Ivan Øy er svært viktig. 

Årdal FK – Fjøra: 1-3

Fjøra scora kampens første mål allereie etter sju minutt, og like før pause scora dei på ny. Med dette kunne dei gå til pause med ei leiing på to mål.

Begge laga hadde mange sjansar, men det var Fjøra som fekk det første målet også i andre omgang. Rundt 15 minutt før kampen blei avslutta, scora Årdal FK. Kampen enda med 3 -1 tap for Årdal FK, men likevel er trenar Ivan Øy godt nøgd.

– Dette er ein typisk treningskamp. Det er mykje bra og me kjem til ein del sjansar. Så me er godt nøgde. Me må jobba med effektiviteten og luka vekk dei enkle måla som me slepp inn, seier han.

Satse på dei unge

Troppen i Årdal FK har fått mange nye spelarar og dette ser Øy på som positivt.

– Me må satse på dei unge. Det er mange nye, unge og dei har no fått prøvd seg i to kampar. Det er ein progresjon, dei kjem seg litt etter litt og det er veldig positivt.

Han legg til at det er litt tidleg å seie om det kjem inn fleire nye spelarar.

– Troppen er ikkje så stor som me hadde håpa endå, og med tanke på erfaring så veit me at me må ha ein viss størrelse på troppen for å greie oss gjennom ein sesong.

Årdal FK har fått nye spelarar, men i tillegg har spelarar reist.

– Truls Hovland har reist til ein ny klubb, og me ynskjer han lykke til der. Dette betyr at mange nye no får sjansen, og får vist seg fram. Me har folk, ikkje til å fylle skoa til Truls, men som kan gjere det ganske bra.

Oppkøyring til seriestart

Det er framleis ei stund til seriestart, men oppkøyringa for Årdal FK er allereie godt i gang.

– Oppkøyringa er i gang og det går bra. Me er no inne i ein lang oppkøyringssesong. Me har ikkje seriestart før 22.april, så det er tidleg i oppkøyringa endå. Det er veldig kjekt å vere i gang igjen, seier Øy.

Han fortel vidare at Årdal FK har eit mannskap som bør vere på toppen.

– Me bør klare å hevde oss på toppen, men det er mange andre gode lag. Det er mange utfordrarar, så me må jobbe godt, avsluttar han.

Til toppen