Bremanger-Årdal FK: 2-0
I fjor vann Årdal 8-1 og 5-0 mot Bremanger i serien. I årets seriepremiere vart det tap mot laget som så vidt berga plassen i fjorårets kretsliga.

– Det var ein merkeleg kamp. Dei vinn 2-0 utan å skapa ein sjanse. Det er me sjølve som fiksar det for dei, seier Ivan Øy.
Øy meiner dei skulle hatt straffe
Han skildrar eit motstandarlag som låg djupt med omtrent heile laget rundt eigen sekstenmeter. Når dei fekk ballen handla det stort sett om å klarera lengst mogleg unna.
– Det vart vanskeleg å trenga gjennom, seier Øy.
Bremanger-Årdal 2-0 (0-0)
Nivå: Kretsligaen
Stadion: Svelgen Stadion
Dommar: Johnny Skjerven, Kaupanger
Mål:
1-0 Martin Sivertsen (62. min)
2-0 Anders Nilsen Midthjell (74. min)
Gule kort, Årdal: Fredrik Aspeseter Sørli
Årdal:
Sivert Larsson
Nicolai Laberg
Vegard Aafedt Bukve
Ole Gunnar Bukve Kjødnes
Terje Kvam Øvstetun
Marius Loftheim
Fredrik Aspeseter Sørli
Simen Heggheim Mannsverk
Johnny Aspeseter Hagen
Joachim Furset
Brede Stedje Ylvisåker
Innbyttarar:
Stian Laberg
Sander Bjørkum Øvstetun
Anders Lereng
I andreomgang meinte Årdal seg snytte for ei straffe. Ein spelar vart hindra på veg gjennom, men dommaren nekta å blåsa.
– Hadde me fått den kunne det fått utslag for resultatet, men dommaren er ikkje einig. Det er slike type lag me kjem til å møta i denne sesongen, då må me uansett løysa det betre enn me gjorde i dag, seier Øy.
– Målet er å hevda oss
Årdal reknar seg ikkje for opprykksfavorittar, men har likevel ambisjonar om å kjempa i toppen.
– Me fekk ein litt dårleg start, men me endrar ikkje ambisjonane av den grunn. Studentspretten, Fjøra og eit par andre er favorittar. Greier me å gje dei litt kamp om poenga, så vil me vera i det sjiktet. Målet er å hevda oss best mogleg, seier Øy.