TAP: Etter kampen mot Aurskog/Høland står Årdal no med fem tap på rad. Foto: arkiv.
TAP: Etter kampen mot Aurskog/Høland står Årdal no med fem tap på rad. Foto: arkiv.

Årdal tapte solid på bortebane

Tabellnabo Aurskog-Høland vart for sterke på bortebane. Tapet er det femte på rad for Årdølene.

Aurskog-Høland - Årdal: 3-0

Opprykkskampen rauk i førre runde, men Årdal har framleis æra å spela for i avslutninga av sesongen. Den jobben må dei ta opp att neste helg, for i dagens oppgjer gjekk det meste på tverke.

Allereie to minutt ut i kampen gjekk heimelaget opp til 1-0. 2-0 kom på ei kontring like etter pause, medan ei ny kontring drepte kampen sju minutt før slutt.

Likevel var nok 3-0 nok i meste laget utifrå spel og sjansar. Årdal blir dermed ståande med 35 poeng og 8. plass på tabellen, to rundar før serieslutt.

Til toppen