Årdal: Årdal Teknologipark AS fekk innvilga søknad om pengestøtte frå formannskapet på 2,5 millionar kroner. Summen skal dekkjast frå næringsfondet.
Pengane skal brukast til å realisera eit nybygg som skal husa teknologiparken. Totalt skal det investerast 50 millionar kroner, og bygget skal plasserast ved Hydro i Øvre Årdal.
– Dette må karakteriserast som ei gladsak. Først fekk me kompetansesenter gjennom Sogn opplæringskontor, og deretter Sitep. Teknologiparken vil bidra til å auka kompetansen for dei ulike industriane. Bra at dei får eit samlingspunkt der dei kan dela idear, erfaringar, samt bidra til knoppskyting og nye bedrifter, sa Christian Sønstlien (Ap).
– Dette er eit døme på godt samarbeid mellom næringslivet og det offentlege, sa Aleksander Øren Heen (Sp).
Fekk støtte av fylkestinget
Finansieringa av prosjektet er godt i gang. Fylkestinget i Sogn og Fjordane bevilga nyleg 12,5 millionar kroner. Dei søkte om 15 millionar, og det er det resterande 2,5 millionane dei søkjer av kommunen.
I sakspapira står det at prosjektet truleg vil bli realisert utan kommunalt tilskot, men då ville låneopptaket ha blitt større. Då måtte leigetakarane betala høgare husleige.