UAVGJORT: Årdal FK spelte uavgjort mot Stryn FK på Stryn stadion laurdag i den 15 seriekampen for sesongen. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen
UAVGJORT: Årdal FK spelte uavgjort mot Stryn FK på Stryn stadion laurdag i den 15 seriekampen for sesongen. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Årdal tok eitt viktig poeng

Med uavgjort mot Stryn FK laurdag, sikra Årdal FK seg eitt etterlengta poeng. 

Årdal – Stryn 0-0

I den andre sesongkamp for Årdal FK denne hausten møtte laget Stryn på Stryn stadion laurdag. I denne kampen gjorde toppscoraren Preben Strypet comeback, medan stopparkjempen Marcin Brzycky måtte stå over, som soning for fem gule kort.

Før kampen låg Stryn på 7. plass med 20 poeng på tabellen i 3. divisjon avdeling 8, medan Årdal var under nedrykkstreken på 12. plass med 13 poeng. Med uavgjort mot Stryn ligg no Årdal likt som Florø 2 med 14 poeng etter 15 kampar, men då målforkjellen skiljer laga er framleis Årdal på ein 12. plass.

Første store sjanse av Strypet

Kampen opna fartsfylt, der Årdal var hakket betre mellom anna etter to halvsjansar på hjørnespark. Stryn tok etter kvart meir over spelet, og hadde også nokre halvsjansar. Etter 30 minutt stod kampen framleis open. Truls Hovland og Christian Stedje hadde eit par skot på mål, men dei vart for lause. 

Første store sjanse kom 39 minutt ut i første omgang, der Preben Strypet heddar ballen like over mål etter innlegg frå Ørjan Skilbreid. Til pause kunne begge lag skilte med likt fordelte sjansar og ein fartsfylt omgang med solid innsats. 

– Begge ville mykje

Laga fortsette jamt også i andre omgang, med sjansar på begge lag.

Etter 75 minutt gjekk det ikkje heilt vegen for Årdal som sleit med småskadar, før Strypet får gult kort, etter ei tøff takling. Med berre to innbyttarar på benken og mykje hard jobbing, starta kreftene å ebba ut for årdølene. 

Mot slutten hadde Stryn fleire gode sjansar og tok over ein del av spelet, men eit godt organisert forsvar og ein god keeper gjer at Årdal kjempar til seg eitt poeng med stillinga 0-0.

NØGD: Ivan Øy, trenar for Årdal FK, er godt nøgde med å hente heim eitt poeng på bortebane. 
Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Haustsankinga har starta

– Begge laga ville mykje og det var ein tett og jamn kamp. Me er godt nøgd med eitt poeng på bortebane. No har haustsankinga starta, fortel trenar Ivan Øy til Porten.no etter kampen.

​Sjølv utan forsvarsspelaren Brzycky, klarte Årdal seg godt. Øy fortel det syner at dei har fleire som kan fylla den plassen, noko som er postivt. Han tykkjer det var overraskande bra innsats av laget. Strypet gjekk på banen for dei heilraude etter å ha vore eitt år borte, og gav alt han hadde i lag med laget. Øy seier at kampen syner at Strypet forsatt har mykje og fare med, noko som lovar godt framover. 

Årdal speler sin neste kamp på heimebane mot Eid, laurdag 15. august. 

Til toppen