SIGER: Årdal FK spela laurdag ein suveren kamp på heimebane. Foto: Kaja Nygård
SIGER: Årdal FK spela laurdag ein suveren kamp på heimebane. Foto: Kaja Nygård

Årdal tok sesongens første poeng på suverent vis

På det tredje forsøket løsna det endeleg for Årdal Fotballklubb, som sendte Kongsvinger 2 heim att med fem mål i sekken. 

Årdal FK – Kongsvinger 2  5-1

Årdal: Årdal FK spelar denne sesongen i ny avdeling og laurdag var det heimekamp mot Kongsvinger. Etter tre kampar i den nye avdelingen, kom endeleg sigeren.

- Det var ein veldig godt gjennomført kamp, der me har kontroll frå start til slutt, seier ein nøgd trenar Ivan Øy etter kampen.

Han fortel at det har gått litt trått dei to første kampane, så i dag hadde dei bestemt seg for å vere tålmodige og satse på dei kontringane som kom.

- Me fulgte planen vår, og fekk mange sjansar. Me kunne sjølvsagt ha scora fleire mål på dei sjansane me fekk, men 5 – 1 er veldig bra, og eg seier meg godt nøgd med det.

Årdal FK dominerte

Årdal FK dominerte og fekk det første målet i kampen. Det var Terje Kvam Øvstetun som sette åpningsmålet, og han vart også kåra til banens beste med hattrick.

Dei andre som sette inn mål for Årdal FK var Fredrik Sørli og Robin Moheim.

Årdal FK kunne gå til pause med 2 – 0.

Dommaren delte ut fem gule kort i denne kampen, der Årdal FK fekk to av desse.

Artikkelen held fram under biletet

DEBUTANT: Anders Lereng debuterte i kampen mot Kongsvinger.
DEBUTANT: Anders Lereng debuterte i kampen mot Kongsvinger.

I andre omgang kunne Trenar Ivan Øy sette inn to debutantar. Det var Anders Lereng og Sondre Stadheim Hille. Dei gjorde begge ein god figur på bana.

Trenar Øy var nøgd med både forsvar og angrepsspelet i denne kampen.

- Me ligg kompakt og me nektar Kongsvinger å kome gjennom forsvaret i fleire anledningar og laget er tålmodige.

- Måten me spelar på i dag er med på at me vann denne kampen, avsluttar den stolte trenaren.

Til toppen