IMG_9223
IMG_9223 (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Årdal tok tre viktige poeng i medaljekampen: – Vart litt vel spennande

Terje Kvam Øvstetun blei matchvinnar då Årdal festa grepet om 4. plassen og snusar på medaljeplass.

Årdal – Tornado Måløy 2-1

Årdal: Spissen starta mot gjestene frå Måløy laurdag, og den sjansen tok han vare på då han sette inn vinnarmålet to minutt ut i 2. omgang. 

Kampen var ein halvtime gamal då Chris André Nore gav gjestene leiinga, men berre fem minuttar etter kom utlikninga ved Fredrik Sørlie.

Heimelaget dominerte store delar av kampen etter kvilen, men klarte aldri å setja scoringa som ville gjort at dei kunne ha senka skuldrane mot slutten.

– Me skulle ha drept kampen før i 2. omgang. Det vart litt for spennande mot slutten. Allereie 15 minutt ut i omgangen burde kampen ha vore avgjort, føler eg.

GODE SJANSAR: Årdølene hadde bra trykk på Tornado Måløy etter pausen, men greidde ikkje å punktere kampen. Her missar Truls Hovland åleina med keeper.
GODE SJANSAR: Årdølene hadde bra trykk på Tornado Måløy etter pausen, men greidde ikkje å punktere kampen. Her missar Truls Hovland åleina med keeper. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

Følte seg sikker

Det seier kaptein og midtstopper Brede Stedje Ylvisåker. Sjølv om vertane var det førande laget, kunne Tornado Måløy fort ha rana med seg eit poeng, men Sivert Larsson i Årdal-målet gjorde ei glitrande beinparade like før slutt.

Årdal-kapteinen seier han aldri følte seg utrygg på tre poeng sjølv om det var blåtrøyene frå kysten som tok leiinga.

– Me sleit litt med å setta laget i starten, men me skapte sjansar, så eg var aldri redd for at me skulle få ei scoring, seier han.

Håpar på pallplass

No er det berre to kampar att av sesongen i Kretsligaen, der Årdal snusar på ein 3. plass. Akkurat no er det to poeng opp til Florø 2 her, men dei skal i aksjon mot Høyang måndag. Mykje skal til for at det ikkje blir tre poeng til laget frå kystbyen der.

– Viss me vinnd ei to siste, så kjem me der me kjem. Får me 3. plass, er me nøgde, men me har hatt ein god haustsesong, så me er nøgde uansett utfall. Likevel ønskjer me å vinna dei to siste. 

Årdal kan ikkje bli dårlegare enn nummer fem.

Til toppen