FLEIRE FØTER: Finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Marianne Marthinsen meiner Årdal treng fleire føter å stå på. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FLEIRE FØTER: Finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Marianne Marthinsen meiner Årdal treng fleire føter å stå på. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Årdal treng fleire føter å stå på

Finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Marianne Marthinsen er ikkje i tvil om at Årdal treng fleire føter å stå på enn berre Hydro.

Finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Marianne Marthinsen er ikkje i tvil om at Årdal treng fleire føter å stå på enn berre Hydro.

Industrikommunen Årdal er hardt råka av dei økonomiske utfordringane internasjonalt, særleg gjennom Hydro, som opplever tøffe tider. 

Tysdag var finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Marianne Marthinsen på besøk i Sogn. På ettermiddagen var Oslo-politikaren blant anna innom Hydro for å sjå på prøvesenteret, og etter besøket ser kor viktig det er for ein kommune som Årdal å ha fleire føter å stå på.

– Heile den nedbemanningsprosessen på Hydro viser kor viktig det er for Årdal. Det viste seg jo då prosessen starta at samfunnet i Årdal var ganske sårbart, seier ho til Porten.no.

– Det er enormt viktig at fylket og kommunen legg ned ein innsats for å få i gang prosjekt og innovasjonsprosessar og hjelpa dei med idear til gode prosjekt. 

Tilretteleggjing

Alt hadde sjølvsagt vore enklare dersom ein som politikar kunne ha vedteke arbeidsplassar, men slik er ikkje tilfelle, og då må ein leggja til rette for at verksemder som Hydro skal lykkast, meiner Marthinsen.

– Og så har me kanskje mange milliardar i verkemiddelapparatet vårt, som til dømes Innovasjon Noreg, som kan hjelpa næringslivet opp på føtene. 

Artikkelen held fram under biletet.

GÅVE: Leiar i Årdal Arbeidarparti Morten Skarsbø overrekk ei gåve til Marianne Marthinsen.
GÅVE: Leiar i Årdal Arbeidarparti Morten Skarsbø overrekk ei gåve til Marianne Marthinsen.

– Me høyrer ofte at det er for lite tilgang til risikokapital i oppstarsfasen, men når ein først kjem gjennom den, så melder Innovasjon Noreg seg. Det er for lite hjelpemiddel der, og det er ei tilbakemelding eg kjem til å ta med meg tilbake, fortel ho. 

Synspunkta til Marthinsen blir delt av varaordførar i Årdal Marie Helen Hollevik Brandsdal (Ap). 

– Kva inneberer det å få fleire føter å stå på?

– Det inneberer at me vil gjera det me kan for å halda på dei arbeidsplassane som er her. Dessutan vil me jobba aktivt for at Årdal skal få fleire føter å stå på, og med det meiner eg at me bevegar oss mot tenesteytande næringar, sjå rundt oss på kva me har av natur og gjera oss attraktive når det gjeld det, seier ho til Porten.no. 

Fryktar konsekvensane av oljepengebruken

Rundt 20 personar hadde møtt opp for å høyra Marthinsen tala om året med Høgre og Framstegspartiet i regjering. Ho fryktar at ein auka bruk av oljepengane kan få alvorlege konsekvensar for ei bygd som Årdal.

– Me ser godt at det er eit press på Siv Jensen no om å auka oljepengebruken, og Hydro er ei verksemd som konkurrerer i eif tøft, global marknad, og korleis krona står seg til dollaren er heilt avgjerande for om det er lønsamt eller ikkje.

– Det kombinert med dårleg kommuneopplegg, der kommunar byrjar å slita med budsjettbalansar, er det eg frykta aller mest. Viss ein kuttar velferdstenester, vil det sannsynlegvis forsterka fråflyttingstendensen som ein allereie har, held Marthinsen fram.

Forutsjåande

I Årdal har det derimot vore Arbeidarpartiet som har styrt i ei årrekke. 

– Kunne situasjonen kommunen er i no vore unngått?

– Eg skal vera veldig forsiktig med å seia noko om det fordi vilkåra for Hydro er jo i veldig stor grad eit resultat av nasjonale rammebetingelsar.

– Men burde ikkje politikarane i Årdal ha sett dette på 90-talet?

– Det kan du godt seia, men samstundes har dette vore situasjonen i veldig mange industrisamfunn som liknar på Årdal. Eg trur det er mange samfunn som har blitt rysta, men ein kan alltid seia at ein burde ha vore meir forutsjåande. 

Artikkelen held fram under biletet.

LYTTAR: Morten Skarsbø og Marie-Helene Hollevik Brandsdal lytta nøye til kva Marianne Marthinsen talte om.
LYTTAR: Morten Skarsbø og Marie-Helene Hollevik Brandsdal lytta nøye til kva Marianne Marthinsen talte om.

– Når dette gjekk for full kapasitet, var det ikkje noko behov for å tenka i retning av andre typar arbeidsplassar, opg det kan ein tenka no var lite framsynt, seier ho før Hollevik Brandsdal legg til.

– Det er eit veldig vanskeleg spørsmål. Det går jo opp og ned etter korleis økonomien er elles i Europa. Når dei store bedriftene flaggar ut, har ikkje me så mykje me skulle ha sagt, men no har Hydro signalisert at dei vil satsa i Noreg igjen. 

– Arbeidsplassar er viktigast

Det opne møtet var på mange måtar også eit lite startskot for valperioden som ventar inn mot kommunestyrevalet neste år, og på møtet vart det delt ut lappar.

Til harmoniske tonar frå Frida Tryti Hundshammer og Andreas Aannevik, skulle dei oppmøtte skriva ned kva som var viktig for dei.

– Kva trur du er viktig for årdølene?

– Trygge og gode arbeidsplassar først og fremst, slik at me veks og får fleire innbyggjarar, svarar varaordføraren.

Til toppen