TYINBOMMEN: Biletet er teke 17.59, sundag, av Statens vegvesen sitt webkamera. Det syner kva for snøstorm som herjar. Årdal-Tyin vil halda stengt i heile natt, og det er uklart når vegen vil kunna opna att.
TYINBOMMEN: Biletet er teke 17.59, sundag, av Statens vegvesen sitt webkamera. Det syner kva for snøstorm som herjar. Årdal-Tyin vil halda stengt i heile natt, og det er uklart når vegen vil kunna opna att.

Årdal-Tyin er stengt. Ny info 12.00 måndag

Årdal er heilt omskjerma frå vegsamband med omverda sundag og truleg til eit godt stykke ut på måndagen. 

TYINBOMMEN: Biletet teke av Statens vegvesen sitt webkamera 10.41 sundag, ti minutt før vegen vart stengt. Då såg vêrforholda vesentleg betre ut enn dei gjer sundags kvelden. 

Årdal: Sundags kveld har Statens vegvesen meldt om at fjellovergangen vil vera stengt i heile natt, og at det ikkje vil koma ny informasjon før klokka tolv i morgon, måndag. 

Bygda står dimed utan vegsamband til vegnettet. 

No får imidlertid årdølene kontakt med omverda sjøvegen. På Kringom.no ligg båtrutene for skuleelevar og pendlarar ute. Det ligg òg ein sjukebåt til kai i Årdalstangen, som er sendt dit av Helse Førde. 

Fjellovergangen Årdal-Tyin har heldt stengt mest heile denne sundagen, på grunn av tett snø og vind. 

TYINOSEN: Det var betydeleg dårlegare sikt på Tyinosen enn oppe ved Tyinbommen då Årdal-Tyin stengte ned for trafikk sundag føremiddag. Biletet er teke 10.51, omtrent samstundes som vegen vart stengt. 
Til toppen