VENTING: I Amlatunnelen skal det pågå vedlikehaldsarbeid måndag morgon. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun
VENTING: I Amlatunnelen skal det pågå vedlikehaldsarbeid måndag morgon. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun

Årdal - Tyin opna att

Uvêr stengde fjellovergangen, men no er den opna att

Indre Sogn: Heile føremiddagen var det stengt mellom Tyin og Årdal på grunn av uvêr, men fv. 53 opna att klokka 13.

Det har vore mykje vind i fjellet, og i følgje Statens Vegvesen sine nettsider kan det både på fv. 50 Hol-Aurland rv. 52 bli innført kolonnekøyring på kort varsel. 

Du må framleis rekna med venting på inntil 15 minuttar i Amlatunnelen på strekninga Mannheller-Sogndal, men dette blir tilpassa ferjeavgangane så ein ikkje skal risikera å mista avgangar her. 

I Fjærlandstunnelen starta det arbeid klokka 12 som kan gje ventetid på 15 minuttar.

 

 

Til toppen