TYINBOMMEN MÅNDAG: Klokka 10.41 er vegen framkomeleg over Tyin, sjølv om det er glatt. Vegvesenet har rydda vegen klar for køyring.
TYINBOMMEN MÅNDAG: Klokka 10.41 er vegen framkomeleg over Tyin, sjølv om det er glatt. Vegvesenet har rydda vegen klar for køyring.

Årdal-Tyin har opna. Ikkje noka kolonnekøyring

Tidlegare var det sagt at ny informasjon om vegen kjem klokka tolv, men vegvesenet har fått opna vegen før dei hadde trudd. 

Årdal: – Det er meldt stabilt og kaldt vêr, so eg tenkjer det går bra, seier Jan Erikstad i Statens vegvesen, på spørsmål om han trur vegen vil halda seg open frametter no. 

Vegvesenet har fare over med snøfresar og brøytt vegen etter snøstormen sundag, og vegen har opna klokka 11.00, stadfestar Erikstad. 

TYINOSEN 10.45: Dette biletet frå Tyinosen er teke av Statens vegvesen sitt kamera eitt kvarter før vegen opna. 
– Det er litt vind oppå toppen, og glatt, elles er køyreforholda greie, seier Erikstad. 
 
Statens vegvesen har tidlegare informert om at dei vil gjera alt det som står i deira makt for å halda fjellovergangen open so lenge vegen mellom Årdalstangen og Fodnes er stengt.
 
Vert det ikkje fleire snøstormar eller meir tett snøvêr i dagane frametter, kan årdølene venta seg at vegsambandet til Tyin vil halda seg ope. 
 
Vert vêrtilhøva dårlegare, vil Vegvesenet so sant som råd halda vegen open ved hjelp av kolonnekøyring, men berre dersom det er tryggleiksmessig forsvarleg. 
 
 
 
 
 
Til toppen