BLÅS GRØNT: Årdal ungdomsråd arrangerer blås grønt aksjonen natt til 17.mai. Foto: Arkiv
BLÅS GRØNT: Årdal ungdomsråd arrangerer blås grønt aksjonen natt til 17.mai. Foto: Arkiv

Årdal ungdomsråd oppmodar ungdom om å blåse grønt

Natt til 17.mai arrangerer Årdal ungdomsråd blås grønt aksjonen. 

Årdal: Årdal ungdomsråd har i ei årrekkje arrangert blås grønt aksjonen natt til 17.mai, og i år er inga unntak.

- Målet med blås grønt aksjonen er at ungdommane ikkje skal drikke alkohol, fortel Synne Hunshammer Haug frå Årdal ungdomsråd.

Ho fastslår at ungdommane kan ha det kjekt på lokalfest utan alkohol.

Det skal setjast opp ei lita bod utanfor ungdomsrådet, der ungdommane kan komme bort for promillekontroll.

- Blås grønt boda skal vere open frå 00.00 til 01.00 natt til 17.mai. I år er det Sara Brandsdal og Dina Nesse som skal stå i boda, opplyser Hunshammer Haug.

Kan vinne fine premiar

- Ungdommane som bles grønt skriv me ned namnet på og desse er då med i trekkningen av mange flotte premiar. Me skal avslører vinnarane på 17.mai.

Ho legg til at premiane har dei fått frå dei lokale butikkane i bygda.

- Eg håpar det er mange ungdommar som kjem innom boda og bles grønt, avsluttar Hunshammer Haug. 

Til toppen