DISKUSJON: Dagleg leiar i Årdal Utvikling ber dei folkevalde ta ein prinisipiell diskusjon knytt til lokalisering av servicebedrifter. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
DISKUSJON: Dagleg leiar i Årdal Utvikling ber dei folkevalde ta ein prinisipiell diskusjon knytt til lokalisering av servicebedrifter. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal Utvikling meiner servicenæringar bør liggje i sentrum

Dagleg leiar i Årdal Utvikling ber dei folkevalde ta ein prinisipiell diskusjon knytt til lokalisering av servicebedrifter. 

Årdalstangen: – Årdal Utvikling er kjend med at det ligg føre søknader til kommunen om å lokalisere servicebedrifter utanom Årdalstangen sentrum. Me ønskjer at kommunen tek ein prinsipiell diskusjon knytt til lokalisering av servicefunksjonar og kunderetta næringsar, før dei gir dispensasjon i gjeldande reguleringsplanar.

Det skriv dagleg leiar Terje Laberg i eit brev til kommunen. Brevet er datert til juni i år, men er aktuelt no som tannlege Silje Hove ønskjer å flytte klinikken sin frå sentrum til eigen bustad på Hæreid. 

– Silje Hove ønskjer å halde fram praksisen sin, og den beste løysinga er å utvida bustadhuset og dermed få høvelege lokale til tannlegekontor slik at praksisen kan flyttast til denne eigedomen. Ho vel dette alternativet trass i dei kostnadene dette inneber. Med andre ord har ho eit langt perspektiv for å kunne forsvara investeringa, skriv far til Hove og styreleiar i verksemda hennar, Svein J. Hove, i søknaden. 

– Bør liggje i sentrum

Laberg meiner det er viktig at alle som skal drive næring knytt til innbyggjarane i Årdal, etablerer seg i sentrum. 

– Mange etableringar vil føre til meir folk i sentrumsområdet og danne grunnlag for nye næringar. I dette arbeidet har Årdal kommune, dei som eig sentrumseigedomar og me som jobbar med utvikling, ei felles oppgåve. 

Sentrum på Årdalstangen vart tema under eit kommunestyremøte i fjor, der kommunestyrerepresentant Ole Vidar Øren (H) uttrykte si bekymring for utviklinga på Årdalstangen. 

– Hovudgata, som tidlegare pulserte, har no meir preg av portforbod døgnet rundt, sa han den gongen.

Jobbar med forstudie for sentrum

På bakgrunn av denne saka meiner Laberg at dagens kommunestyre må ta ein prinsipiell debatt på dette. 

– Me er sjølvsagt opptekne av dette og deler uroa som kommunestyremedlemane har knytt til tomme sentrumslokale.

– Årdal Utvikling er no inne i ein intens prosjektperiode knytt til sentrumsutvikling på Årdalstangen. I haust skal me gjere ferdig ein forstudie knytt til sjøsida, og då vil naturleg nok også aktivitet i sentrum på Årdalstangen bli diskutert. 

Han avsluttar brevet med å skrive at dersom små servicebedrifter skal spreiast over heile Årdalstangen, så vil ikkje ein få eit fungerande sentrum. 

Til toppen