ARKIVFOTO: Truls Hovland i Årdal FK.
ARKIVFOTO: Truls Hovland i Årdal FK. (Foto: Elin Hæreid)

Årdal vann 4-1 mot Syril

Årdal ligg framleis på tabelltoppen etter 4 - 1-sigeren mot Syril i dag.

Årdal: Årdal sikra seg tre nye poeng i Kretsligaen då dei vann mot Syril på heimebane i dag.

Kampen skal ha vore nær med å bli flytta til Cuba stadion på grunn av vêrforholda, skriv Årdal FK på si facebookside, men dommar Asbjørn Kjetil Grinde Håre avgjorde at avspark likevel skulle skje på Jotun Stadion.

Truls Hovland skåra første målet 12 minutt inn i kampen og dette resultatet stod til pause.

I andre omgang skåra Johnny Aspeseter Hagen Årdal sitt andre mål, Truls Hovland følgde opp med å skåre sitt andre mål for kampen og Christian Stedje sikra lagets fjerde og siste mål sju minutt før kampslutt.

Årdal ligg no på toppen av tabellen i kretsligaen med 16 spelte kampar. Neste kamp er mot Stryn kommande laurdag.

Les òg: Måla kom på løpande band, Årdal vann 7-1 mot Syril på bortebane

Til toppen