Årdal:
I fjor fekk «Stiftelsen Veteranhjelp» for fyrste gong trykt opp ein nasjonalt femnande kalender, som galdt for år 2017. Trykkeriet Skrivargarden/Printfarm i Årdal stod for trykkinga.
Velgjerdsinstitusjonen var so nøgd med produktet at dei sende det første prenta eksemplaret i posten til kongen.

– Den personlege adjutanten til kongen sende eit flott takkebrev til oss, der det kom fram at kongen hadde sett stor pris på kalenderen, fortel Arild Lihaug, Libanon-veteran og mangeårig ideelt engasjert i stiftinga.
Også i år skal Lihaug sjå til at det fyrste eksemplaret av neste års kalender, som alt er prenta, skal verta sendt til kongen.
– Det er stas at det fyrste produktet går til kongen, seier dagleg leiar i Skrivargarden, Roger Hollevik.
→ Les også: I løpet av 2017 siktar dei på å vere størst i fylket.
Årdals-verksemda har gjeve ein god pris, og håpar på blest
For å hjelpa «Stiftelsen Veteranhjelp» i deira arbeid for å letta livssituasjonen til veteranar som slit, har Skrivargarden gjeve ein redusert pris.
– Me kan ikkje leva av å gjeva slike låge prisar. Men det er kjekt å hjelpa saka og det er kjekt å laga eit godt produkt som er vel gjennomarbeidd. Me får verkeleg synt kva me duger til, seier Hollevik.
Grunnen til at velgjerdsinstitusjonen tok kontakt med just Årdals-verksemda for å få prenta kalenderen, er at éin av dei tilsette der, Erik Jacobsen, har vunne ein hederspris frå moderorganisasjonen til veteranhjelp-stiftinga, NVIO.
Og dagleg leiar Hollevik vil gje Jacobsen æra for at Årdalsverksemda har vorte hoffleverandør:
- Det er Erik som skal ha heider. Det er han som har brukt fritimar på dette. Og det er kjekt å få nytilsette til verksemda som har slike oppdrag med seg, fortel Hollevik.
Jacobsen flytte til Årdal i fjor, då han fekk jobb på Skrivargarden, og han trivst godt i kraftbygda.
Rift om kalenderane, og gjetord i Sverige
Kalenderane frå i fjor finst det berre drygt 1200 eksemplar av, og alle vart rivne bort. I år skal Skrivargarden byrja med å prenta 2000 eksemplar. Om dei vert selde, so prentar dei so mange ladningar til som det måtte vere etterspurnad etter.
– Vi har moderne prentemaskiner her, og slepp heldigvis å prenta alt for mange eksemplar på ein gong. Vi kan prenta so mange gonger vi vil, utan særleg ekstra kostnad, slik at me og veteranhjelp-stiftinga tek mindre risiko, fortel Hollevik.

Kalenderen for år 2018 vert fyrst offisielt lansert under veterankonferansen i Sandefjord den 7. november, som vert arrangert av Forsvarets Veterantjeneste.
I år kjem det for fyrste gong ut ein nasjonal veterankalender i Sverige òg, for 2018, truleg inspirert av den norske, Årdals-produserte.
– Veterankalenderane, som dels består av foto tekne av veteranar, har to mål: Å heidra veteranene, og å samla inn pengar til å kunna hjelpa dei, seier Libanon-veteran Arild Lihaug til slutt.
→ Les også: Ni meter lang investering.