STENGT: Utferdsle frå Finnsåstunnelen ved Årdalstangen vil vera stengt minimum fram til torsdag. Årdøler kan dimed ikkje koma seg i retning mot Vikadalen, Nadvik og Fodnes dei neste dagane.
STENGT: Utferdsle frå Finnsåstunnelen ved Årdalstangen vil vera stengt minimum fram til torsdag. Årdøler kan dimed ikkje koma seg i retning mot Vikadalen, Nadvik og Fodnes dei neste dagane. (Eivind Hellesund, Vest PD)

Årdal vert mest sannsynleg heilt isolert sundag. Vegen mellom Fodnes og Årdalstangen i alle fall stengt til torsdag

– Dei som skal ut av bygda til sundagen bør køyra i dag eller i natt, rår Ketil Molvær i Statens Vegvesen til. 

Årdal: – Me fekk nett beskjed om at det kjem eit helikopter til Finnsåstunnelen att på onsdag for å spyla meir i fjellsida. Vegen der vil vera heilt stengt for all gjennomferdsle minimum fram til torsdag. Då vert det gjort ny vurdering, seier Ketil Molvær i Statens vegvesen.

Samstundes er det klart at vegen mellom Årdal og Tyin truleg lyt halda stengt i morgon, sundag. 

TYINBOMMEN: Bilete teke ved Tyinbommen laurdag, eit av punkta på vegen mellom Årdal og Lærdal via Tyin. Det er sannsynleg at vegen lyt stengast mellombels sundag på grunn av uvêr. Foto: Webkamera Statens Vegvesen

Yr.no har sendt ut ekstremvarsel for fjellovergangen Årdal-Tyin i morgon, om sterk vind, nedbør og dårlege køyreforhold. Ketil Molvær i Statens vegvesen trur det er sannsynleg at vegen vil verta stengt. 

– Vegen held truleg ikkje ope i morgon om det blæs kraftig til samstundes som det snøar. Då vert sikta for dårleg, sjølv i kolonnekøyring. 

Vegvesenet vil gjennomføra ekstrordinær kolonnekøyring over Tyin, om det er mogleg

Før om åra vart det avvikla kolonnekøyring på fjellovergangen Årdal-Tyin når vêrtilhøva tilsa det. I år, derimot, er det slik at vegen anten er heilt stengt, eller har fri ferdsle utan kolonnekøyring.

Statens vegvesen skal derimot prioritera kolonnekøyring over Årdal-Tyin no når vegen mellom Årdalstangen og Fodnes er stengt. Men det er ikkje sikkert det lèt seg gjera. 

Svært vanskelege tilhøve ut på morgonen i morgon

– Frå 9-10-tida i morgon er det meldt om særleg utfordrande vêrtilhøve mellom Årdal og Tyin, med både sterk vind og snøvêr samstundes. I 10-11-tida vert det truleg ikkje mogleg å halda open vegen sjølv med kolonnekøyring.

Det er meldt om særleg sterk vind frå klokka elleve om føremiddagen. Molvær fortel at vinden byrjar i natt, men at det først er i sekstida om morgonen det dreg seg til. Kanskje vert det kolonnekøyring då. Nedbøren byrjar nokre timar seinare, og vil altså gjera det vanskeleg å køyra bil oppå fjellet. 

Det er meldt dårleg vêr heile sundagen fram til ut på natta måndagen. 

– Vegvesenet vil nok setja inn store ressursar på å få opna vegen att so snart som mogleg, dersom han stenger sundagen. Medan vegen er stengt kjem dei til å fara over med fres og fjerna so mykje snø som råd, slik at vegen kan opnast att so snart som råd etter at snøvêret har gjeve seg. 

– Folk som skal ut og inn av kommunen bør stå tidleg opp i morgon, rår Molvær til.

Til toppen