TILBAKE TIL INDRE STROK: Gunn Lerøy går bytar rådmannsjobb frå Hyllestad til Lærdal.
TILBAKE TIL INDRE STROK: Gunn Lerøy går bytar rådmannsjobb frå Hyllestad til Lærdal. (Foto: Sunniva Knutsen/arkiv)

Årdøl vert ny rådmann i Lærdal

Gunn Lerøy vert første kvinne i stillinga nokon gong, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Lærdal: – Det er på tide, seier ordførar Audun Mo i pressemeldinga.

Lerøy har siste halvanna året vore rådmann i Hyllestad kommune. Før dèt var ho prosjektleiar for interkommunalt samarbeid i ÅLA-kommunane. Ho har óg bakgrunn frå KS, Hero og Sparebanken Vest.

Det var seks søkjarar til stillinga. Lerøy vart innstilt av rekrutteringsutvalet og kommunestyret vedtok torsdag tilsettinga.

Ordføraren: – Trygge på valet

Ordføraren er svært nøgd med valet kommunen landa på.

– Med ei relevant, robust og variert karriere, samt ei utdanning innan leiing retta mot kommunesektoren og økonomi føler me oss trygge på at ho er eit godt val til denne viktige stillinga. At Lerøy dessutan har kjennskap til organisasjonen og tilhøva i Lærdal kommune gjennom jobben med interkommunalt samarbeid er heilt klart ein fordel, seier Mo i pressemeldinga. 

Til toppen