GOD SKULE: Årdal vidaregåande skule vart nest beste skulen i fylket på kvalitet. Elevar er einige i at deira skule er ein god å plass å vere og lære. Arkivfoto
GOD SKULE: Årdal vidaregåande skule vart nest beste skulen i fylket på kvalitet. Elevar er einige i at deira skule er ein god å plass å vere og lære. Arkivfoto (Foto: Arkiv)

– Årdal vgs er ein god plass å vere og lære

Elevar ved Årdal vgs er nøgde med skulen sin, som er kåra til den nest beste i fylket. Dei dreg blant anna fram det gode samarbeidet mellom elev og lærar.

Årdal: – Lærarane kjem tett innpå elevane, det fører til eit godt samarbeid som igjen ofte fører til gode resultat, seier elev Emma Øren.

Ein karakter på 3,6 kan rektor ved Årdal vgs, Geir Kjetil Øvstetun, seie seg veldig nøgd med.

Les ​også: Årdal vgs nest best på kvalitet i fylket

Spelar på lag med elevane

Årdal vidaregåande skule er ein liten skule med omlag 200 elevar, og det er nettopp det elevane dreg fram som særs positivt. I tillegg er dei nøgde med programfaga dei har å velje mellom på skulen.

– Lærarane ved skulen er flinke til å sette av tid til å snakke med elevane, seier Erlend Nese. 

Elevane seier det sosiale miljøet på skulen er veldig bra og at det er ein skule alle kan kjenne seg velkommen.

– Skulen har mange utanbygdselevar og miljøkoordinatoren vår er veldig flink til å arrangere sosiale samankomstar for hybelbuarane, seier Emma og Erlend.

Dei legg til at skulen også arrangerer sosiale tiltak for alle elevane, noko som er veldig viktig for det sosiale miljøet.

– I tillegg har skulen eit spanande prosjekt der me samlar inn pengar som går til bygging av ein barneskule i sør Afrika. Det er bra at skulen får vere med på eit slikt prosjekt, der me har moglegheit til å gjere noko bra for andre, seier Emma.

Les også: Årdal vidaregåande skule hjelper Eshowe

Kunnskapsrike og motiverande

Elevane er samstemte i at det faglege nivået på skulen er godt. Dei er nøgde med lærarane, og synes dei er både kunnskapsrike og veldig motiverande.

– Motiverande lærarar smittar over på elevane sin læring. Når me arbeidar i smågrupper, blir det god kommunikasjon mellom elevane og læraren, slik blir det lettare å tilpasse seg og lære nytt fagstoff, fortel Emma.

Elevane gir lærarane gode skussmål. Dette dreg også rektor Geir Kjetil Øvstetun fram som ein viktig faktor i undersøkinga.

- Det er innsatsen til elevane og lærarane som har sikra at skulen har scora høgt.

Elevane sitt inntrykk er at samarbeidet mellom lærarane og leiinga er god, så såleis kan nok rektor Øvstetun, også ta ein del av æra for det gode resultatet.

Les også: Positiv utvikling innan den yrkesfaglege opplæringa

Hindrar fråfall

Samfunnsøkonom Torberg Falck er ein av dei tre forskerane bak rapporten. Han seier til TV2 at sjansen for å fullføre vidaregåande skulen, er 13 prosent høgare om du byrjar på ein god skule. I tillegg nemner han at du kan få eit halvt karakterpoeng høgare.

Falck seier vidare til TV2 at han var overraska over at dei beste skulane var så ulike. Det var både yrkesfaglege, studieførebuande, store skular og små skular blant dei beste.

Til toppen