Årdal: Markeringa vart heldt på Nordahl Grieg VGS i Bergen, men alle skulane i det nye storfylket følgde med med livestream.
Blant dei var Årdal vidaregåande skule, som såg markeringa på storskjerm i kantina.
Under markeringa var det køyrd i gang i Vestlandsquiz på Kahoot. Det er ein spillbasert læringsplattform basert på fleirvalgsoppgåver, som spelarar deltek på ved å logga på ei lenke med mobiltelefon, PC eller nettbrett.

Av alle 44 skular som deltok, gjekk nettopp Årdal til topps.
– Kva tenkjer du om at elevane dine hevda seg så godt i Vestlandsquizzen?
– Det er flott at me var med i toppen i ein slik uhøgtidleg konkurranse, humrar rektor Geir Kjetil Øvstetun.
– Me får vera så ærlege å seia at heile systemet låste seg etter kring 14-15 minutt, slik at det ikkje vart registrert poeng etter det, men med leia når det låste seg, fortel rektoren.
Gruppa frå Årdal vgs bestod av fem elevar frå ulike studieretningar, fortel Øvstetun. Desse var Eskil Holsæter, Lisa Horpen, Anders Lereng, Alexander Marifjæren og Viktor Vee.
– Det blir ein premie til det laget som var med. Det har fått både pizza og kinobilettar.
Presenterte storfylket for elevane
Markeringa hadde som mål å markera starten på Vestland, og presentere dei ulike leiarane og oppgåvene for elevane.
– Det var ein fin markering på starten på Vestland. Det var det viktigaste i dag. Fylkesrådmann og fylkesordførar var til stades og fekk presentert hovudoppgåvene. Det var det viktigaste, seier rektor Øvstetun.