NEST BEST: Rektor ved Årdal Vidaregåande skule er glad for at skulen scora høgt i den nasjonale elevundersøkinga. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
NEST BEST: Rektor ved Årdal Vidaregåande skule er glad for at skulen scora høgt i den nasjonale elevundersøkinga. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Årdal vgs nest best på kvalitet i fylket

Rektor Geir Kjetil Øvstetun seier at det er innsatsen til elevane og lærarane som har sikra at skulen scora høgt i den nye elevundersøkinga. 

Årdal: Den vidaregåande skulen i Årdal scora høgt på ei nasjonal elevundersøking og fekk karakteren 3,6, like bak Firda Vidaregåande som kom best ut i fylket med 3,9. 

– Eg er stolt på vegne av elevane og lærarane som har jobba med dei rette tinga, seier Geir Kjetil Øvstetun, rektor ved Årdal vgs. 

Nasjonal undersøking

Den nasjonale elevundersøkinga er finansiert av Kunnskapsdepartementet og gjennomført av Senter for økonomisk forskning (SØF) i Trondheim Her har 359 vidaregåande skuler fått karakter.

– Skulen i Årdal har hatt ei satsing på yrkesretting av fellesfaga, vurdering for læring og den gode læringsøkta. For å få til gode rammer på læringsøktene har me hatt fokus på klasseleiing. Me har også hatt mykje fokus på frammøte. Det er dei tilsette og elevane som gjer at me får eit godt resultat, seier Øvstetun. 

Gjennomsnittskarakteren for alle dei vidaregåande skulane var på 3,1. Flora vidaregåande kom over det nasjonale gjennomsnittet med 3,3, medan Sogndal og Hafstad Vidaregåande kom under med karakteren 3. 

– Me veit at det er svingingar og at resultata varierar frå år til år. Det at Årdal no kjem så godt ut, er positivt for heile regionen, seier Øvstetun.

Dårlegast ut kom Høyanger, med ein karakter på 2,4. 

– På ein del område er det langsiktig arbeid som verkar. Som alle andre skular har me også vore borti mobbesaker og folk som droppar ut av skulen. Det viktigaste er uansett å ta tak dette og ha ein strategi for korleis ein skal løyse det, seier Øvstetun. 

Dei vidaregåande skulane blir målt på kor flinke skulane er på å sikra at elevane fullfører skulen med gode karakterar innan rimeleg tid 

Samarbeid med bedrifter

Årdal Vidaregåande jobbar tett med Sogn opplæringskontor og regionalt næringsliv med industripraksis.  

– Me er spesielt flinke til å finna læreplassar til elevane. Årdal er ei industribygd, så det skulle berre mangle, seier Øvstetun.

Les også: - Yrkesutdanning er viktig for næringslivet 

– Det å få elevane ut i bedrifter er ei av samfunnsoppgåvene til skulen og bedriftene i kommunen.  Hydro er til dømes den største lærebedrifta i fylket. I tillegg tek også Norsun inn ein del elevar, seier Øvstetun. 

Les også: Ti av tolv står utan læreplass

– Men så har me også utfordringar med å skaffa nok læreplassar og nok elevar til skulen, seier Øvstetun. 

Elevar frå heile fylket

Skulen i Årdal har ei elevmasse der 25 prosent kjem utanfor Årdal sine kommunegrenser. I fjor hadde 50 prosent av elevane postadresse utanfor Årdal. 

– Me er avhengig av å ha elevar som kjem utanbygds frå, i tillegg til dei lokale elevane, seier Øvstetun. 

Les også: Nedgang i søkjarar til vidaregåande skular

Dette skuleåret var påbygg flytta frå Sogndal Vidaregåande til Årdal. Den nye linja har gjort at fleire elevar frå andre deler av Sogn har valt å ta påbygg i Årdal. 

– Me har også elevar frå heile fylket som kjem til Årdal for å gå yrkesretta linjer som til dømes kjemiprosess og automasjon, seier Øvstetun.

Hausten 2015 vil det mest truleg bli innført fritt skuleval på tvers av skulegrensene. Øvstetun fryktar at dette kan gjere jobben å rekruttere elevar til Årdal, endå vanskelegare. 

Stort prestasjonspress blant unge

På Årdal vgs er dei tilsette oppteken av at elevane skal trivast, men også at dei skal ha ei fagleg utvikling. 

– Det er så mykje positiv ungdom i dag, som ønskjer å læra. Samstundes er det eit enormt prestasjonspress i dagens samfunn, seier Øvstetun. 

Elevane skal til dømes ha gode skuleresultat, trena nok, jobba for å få peng til dei rette kleda, vere sosiale og reisa til utlandet. 

– Dette presset kan bli for mykje for nokon. På Årdal vgs har kontaktlærarane god kommunikasjon med elevane. Det er viktig å vera tett på og tidleg oppdaga og ta tak i ulike problem, seier Øvstetun. 

Til toppen