I KOMITEEN: Vanja Thomassen Øren og Synne Lerum Fredheim sit i komiteen for veldedighetsprosjektet som Årdal vidaregåande skule har saman med Barnehjelp Afrika. Foto: Kaja Nygård.
I KOMITEEN: Vanja Thomassen Øren og Synne Lerum Fredheim sit i komiteen for veldedighetsprosjektet som Årdal vidaregåande skule har saman med Barnehjelp Afrika. Foto: Kaja Nygård.

Årdal vidaregåande bidreg til barnehjelp i Afrika

Årdal vidaregåande skule gjekk i 2015 inn i eit samarbeid med Barnehjelp Afrika. Skulen har ein årleg innsamlingsdag, der inntekta går til dette prosjektet.

Denne saka vart først publisert hjå skuleavisa Innblikk, som 2. klassingar ved Årdal vidaregåande skule driftar. 

Årdal: Årdal vidaregåande skule, i samarbeid med Barnehjelp Afrika, har utvikla eit veldedigheitsprosjekt.

– Me skal oppgradere ein skule i Eshowe fordi forholda der ned er veldig dårleg, seier Synne Lerum Fredheim.

– Det kjem til å ta lang tid, fordi det er veldig mykje som må gjerast der nede.

Bestemmer sjølv korleis dei skal tene pengar

Synne er saman med Vanja Thomassen Øren ein del av komiteen som arbeider med dette. Prosjektet vil vare i mange år framover.

– Me vil starte i det små for så å byggje oss oppover, legg Thomassen Øren til.

Saka held fram under biletet.

KLASSEROM: Tidlegare i år fekk Fredheim vere med på besøk til skulen, noko som gjorde inntrykk på ho. Slik ser det ut i klasserommet.
KLASSEROM: Tidlegare i år fekk Fredheim vere med på besøk til skulen, noko som gjorde inntrykk på ho. Slik ser det ut i klasserommet.

Elevane ved Årdal vidaregåande skule har ein årleg innsamlingsdag. Kvar klasse bestemmer kva dei vil gjere for å få inn pengar. Førsteklasse TIP i fjor valde å vaske bilar og skifte dekk for å tene peng til prosjektet.

Vellukka innsamling

– Innsamlinga i fjor var vellykka, seier Thomassen Øren.

Lerum Fredheim fekk i 2015 vere med til Afrika for å sjå korleis forholda der nede var. Ho fortel at ho fekk eit sterkt inntrykk av turen, som førte til at ho blei enda meir engasjert i prosjektet.

Begge jentene er veldig positive til samarbeidet med Barnehjelp Afrika.

Til toppen