VIL HJELPE: Monica Vigdal, Vanja Thomassen Øren og Synne Lerum Fredheim er positive til samarbeidet med Barnehjelp Afrika. Foto: Kaja Nygård
VIL HJELPE: Monica Vigdal, Vanja Thomassen Øren og Synne Lerum Fredheim er positive til samarbeidet med Barnehjelp Afrika. Foto: Kaja Nygård

Årdal vidaregåande skule hjelper Eshowe

Årdal vidaregåande skule gjekk i 2015 inn i eit samarbeid med Barnehjelp Afrika. Skulen har ein årleg innsamling, der inntekta går til dette prosjektet. 

Årdal: Årdal vidaregåande skule, i samarbeid med Barnehjelp Afrika, har utvikla eit veldedigheitsprosjekt.

- Me skal oppgradere ein skule og eit kjøkken i Eshowe, fordi forholda der nede er veldig dårlege, seier elevrådsleiar Synne Lerum Fredheim.

Artikkelen held fram under bilete. 

SKULEN: Her ser de skulen, som gjennom dette prosjektet skal oppgraderast.
SKULEN: Her ser de skulen, som gjennom dette prosjektet skal oppgraderast.

Det kjem til å ta lang tid, fordi det er veldig mykje som må gjerast i Eshowe. Synne er saman med Vanja Thomassen Øren ein del av komiteen som arbeider med dette. Prosjektet vil vare i mange år framover.

- Me vil starte i det små, for så å byggje oss oppover, legg Thomassen Øren til.

Tur til Afrika

Lerum Fredheim og lærar Monica Vigdal fekk i februar i år vere med til Afrika, for å sjå korleis forholda var der nede. Lerum Fredheim fortel at ho fekk eit sterkt inntrykk av turen, som førte til at ho blei enda meir engasjert i prosjektet.

Vigdal legg til at kjøkkenet var i dårleg stand. Dei har eit stort behov for eit kjøkken, og derfor skal innsamlinga først og fremst gå til å byggje det. Ho fortel vidare at skulen har mangel på lys og på grunnleggjande utstyr.

Artikkelen held fram under bilete. 

KJØKKENET:  Kjøkkenet er i veldig dårleg stand. Det blir blant anna brukt til å lage skulemat til elevane. Det er viktig å byggje eit betre kjøkken til dei, så dette blir prioritert først.
KJØKKENET:  Kjøkkenet er i veldig dårleg stand. Det blir blant anna brukt til å lage skulemat til elevane. Det er viktig å byggje eit betre kjøkken til dei, så dette blir prioritert først.

- Det var mykje skade på bygningane og mangel på vatn. På skuleplassen var det ingen leiker som barna kunne aktiviserast med, seier Vigdal.

Mest truleg blir det eit besøk til Afrika annankvart år.

Kreativ innsamling

Elevane ved Årdal vidaregåande skule byrja med innsamlinga førre skuleår. Lerum Fredheim fortel at kvar klasse bestemmer sjølve kva dei vil gjere for å få inn pengar. Dei har eit par månadar på seg til å fullføre innsamlinga. Klassane var veldig kreative. Ein klasse på linja TIP valte å vaske bilar og skifte dekk, medan ein anna klasse arrangerte diskotek for barneskuleelevar.

-Innsamlinga i førre skuleår var vellukka, seier Thomassen Øren.

Ho vonar at innsamlinga noverande skuleår blir like bra som førre skuleår. Då fekk dei inn i overkant av 40 000 kroner. 

Til toppen