STORT BEHOV: Årdal vil ha behov for 2-300 nye arbeidstakarar i løpet av dei komande åra, slår Terje Laberg i Årdal Utvikling fast. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STORT BEHOV: Årdal vil ha behov for 2-300 nye arbeidstakarar i løpet av dei komande åra, slår Terje Laberg i Årdal Utvikling fast. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal vil ha behov for nesten 300 nye arbeidstakarar i åra som kjem

– Dermed står Årdal føre ei rekrutteringsutfordring, seier Terje Laberg i Årdal Utvikling. 

Årdal: I løpet av dei neste fem-seks åra kjem så mange som mellom 200 og 300 personar til å gå av med pensjon i Årdal innanfor hovudsakleg industri og offentleg forvaltning, men også i andre bransjar som handel.

Tala går fram av ein årleg prognose om næringslivet i Årdal som er utarbeidd på vegne av Årdal Utvikling. I prognosen ser ein på dei ti største bedriftene i bygda, inkludert kommunen. Det er innanfor industri og omsorgstenestene ein vil ha flest avgangar. 

Det fortalte Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling, då han heldt eit innlegg om aktiviteten deira og utfordringane til Årdal framover på årsmøtet til Årdal Næringssamskipnad. Ei av dei større utfordringane handlar om rekruttering.

– Utfordringa dreier seg om å få folk til å koma til Årdal, busette seg her og jobba her. Denne utfordringa løyser seg ikkje sjølv, og ein må starta tidleg. Ein kan ikkje starta den dagen pensjonisten går ut av døra, seier han til Porten.no.

Må busetja seg

For sjølv om nokre bedrifter kanskje ser sitt snitt til å kutte i stillingar ved naturleg avgangar, skal mesteparten av desse arbeidsplassane fyllast opp att. 

– Konsekvensen av at ein ikkje får tak i folk, er jo at arbeidsplassen vert nedlagt, ikkje fordi han skal leggjast ned, men fordi ein ikkje får fat i folk. 

– Folk som vel å busetja seg andre plassar, tek jobb mellombels eller at ein må leiga inn ressursar – alt er negativt for Årdal viss dei ikkje kjem hit og bur her, seier han.

Potensiale for folketalsutviklinga

Etter år med nedgang i folketalet, var det ein svak auke i 2016 på fem personar. Også sysselsettinga auka litt. Framskrivinga er mildt sagt forskjellen på himmel og helvete, der verste scenarioet er at folketalet i kommunen går ned til 4600 innbyggjarar, medan i bestefall aukar ein det til 5700. Måten ein løyser rekrutteringsutfordringa på kan ha mykje å seia.

– Dei som går av med pensjon no, er i alderen 62 til 67 år og skal sannsynlegvis leva i mange år i Årdal. I tillegg skal nye inn. I beste fall får me ein netto auke på 2-300 personar i denne perioden. 

– Dette vil vera eit fantastisk grunnlag for Årdal og eigentleg mange andre distriktskommunar, men me klarar ikkje handla etter det, og når me forsømmer oss, blir det nedgang i arbeidsplassar som me sjølve er skuld i, seier han. 

– Gå i gang med bustadprosjekt

Med bakgrunn i desse tala var Laberg full av ros til dei som no satsar på bustadprosjekt i Årdal. Berre den siste tida har tre prosjekt sett dagens lys. Unge vil gjerne bu sentralt, også i kommunane, er ei viktig årsak bak desse prosjekta.

Difor håpar han at stadig fleire i det minste får planane sine godkjent, så kan dei heller vente med å trykke på knappen og setje i gang byggjeprosessen.

– Bustadprosjekt tek lang tid å regulera og den biten der. Difor ligg me allereie på etterskot. Me er for seint ute. Dette er ein trussel fordi me stressar om nye arbeidsplassar, men det enklaste er å få tak i folk til dei arbeidsplassane me allereie har. 

Til toppen