SA JA: Dei folkevalde i Årdal sa torsdag ja til å bidra med 800 000 kroner til ei MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SA JA: Dei folkevalde i Årdal sa torsdag ja til å bidra med 800 000 kroner til ei MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal vil støtte opp om MR-maskina

Kommunestyret i Årdal sa torsdag ja til å bidra med 800 000 kroner for å få på plass ei MR-maskin ved Lærdal sjukehus. 

Årdal: Det er Sogn regionråd som oppmodar kommunane og det lokale næringslivet om å vere med på spleiselaget.

Torsdag sa dei folkevalde i Årdal ja til å bidra med 800 000 kroner med atterhald om at prosjektet vert realisert.

– Me meiner me har lik rett på helsetenester her som andre stader. Det er vår jobb som folkevalde å gjera noko med dette. Saman med andre kommunar kan me sørgja for å få på plass maskina. Ho vil styrka sjukehuset i Lærdal, og det er ei vesentleg ulempe at ein ikkje får utført dette ved sjukehuset i dag, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og oppmoda også næringslivet sterkt om å bidra i potten.

Ho gav også mykje ros til Sogn regionråd for å ha løfta fram denne saka og kalla det heile ein vinn-vinn-situasjon for alle.

Samtlege parti stilte seg bak dette og ønskte maskina velkomen til Lærdal sjukehus, men det var også skepsis blant representantane. Erling Offerdal (Sp) kom med eit spark til kommunane på nordsida av fjorden.

– Eg er litt tvilande til investeringa. Det er lett for at dei vil ha dette sjølve. Det har me sett døme på før, men eg håpar det kjem på plass, sa han frå talarstolen.

Artikkelen held fram under biletet.

HÅPAR ALLE ER MED: Erling Offerdal (Sp) kom med eit lite spark til kommunane på nordsida av fjorden og håpar dei også er med på spleiselaget.
HÅPAR ALLE ER MED: Erling Offerdal (Sp) kom med eit lite spark til kommunane på nordsida av fjorden og håpar dei også er med på spleiselaget.

Ikkje råd

Maskina kostar om lag 10 millionar kroner, ein sum Helse Førde ikkje har plass til i investeringsbudsjettet. 

Men Helse Førde har gitt positive signal om å ta driftskostnadene dersom sjølve investeringa vert finansiert lokalt. Difor har Lærdal Næringsutvikling teke initiativ til å fullfinansiera maskina, der Lærdal kommune tek største delen på 3 millionar kroner.

Kurt Jevnaker og Venstre stilte spørsmål ved eigarskapen til maskina dersom ein klarar å samla inn nok pengar.

– Når ein ser litt lenger fram i løypa, er me litt redde for at maskina vert flytta. Slik eg tolkar saka vil Helse Førde formelt eige maskina, og då er me redd for at andre behov dukkar opp lenger fram i løypa som blir viktigare. 

Helsegruppa i regionrådet rår til at kommunane bidreg med 4 millionar, der dei næraste kommunane Sogndal, Årdal, Luster og Aurland deler 3,2 av desse millionane likt mellom seg, medan Leikanger, Vik, Balestrand og Høyanger står for dei resterande 800 000 kronene.

I tillegg skal næringslivet kontaktast med førespurnad om å bidra med 3 millionar kroner i fellesprosjektet.

Ikkje sikkert

Balestrand har allereie gitt 20 000 kroner og varsla i møtet med regionrådet at dei ikkje kunne bidra med meir enn denne symbolske summen. Då formannskapet i Årdal møttest tysdag, sa rådmann Olve Fossedal at det var langt frå sikkert at alle kunne bidra med like mykje.

– Eg har hatt ein samtale med ein del rådmenn i regionrådet. Utan at eg skal seie noko difinitivt, kan ein antyde at det er langt frå sikkert at dette tiltaket vert fullfinansiert slik det er lagt opp til, sa han og forklarte kvifor atterhaldet var lagt til i tilrådinga.

Lange køar

Ved lokalsjukehuset i Lærdal har ein dei seinare åra spesialisert seg på kne- og hofteoperasjonar, og sjukehuset har ei stor mengd pasientar som kjem frå andre regionar. 

Det er ei vesentleg ulempe for denne aktiviteten at det ikkje er mogleg å få utført MR-undersøkingar både før og etter behandling. Dersom ein lykkast med å få etablert MR-maskin ved Lærdal sjukehus, vil dette være ei styrking av denne aktiviteten, men òg ei monaleg styrking av helsetilbodet i Sogn ved at ein får redusert ventetida betydeleg, samt at dette tilbodet kan gjevast lokalt. 

Det er i dag underkapasitet i Helse Førde med ventetid på 18 veker ved Førde sentralsjukehus og 13 veker i Eid. Difor blir mange pasientar sendt til ein privatklinikk i Bergen, noko som medførar lang reisetid for mange. 

Til toppen