UAVGJORT: Stillinga stod 0-0 då Årdal2/Jotun/Årdalstangen møtte Fure på Cuba stadion. Foto: Arkiv. 
UAVGJORT: Stillinga stod 0-0 då Årdal2/Jotun/Årdalstangen møtte Fure på Cuba stadion. Foto: Arkiv. 

Årdal2/Jotun/Årdalstangen held framleis nullen

Heimekampen til 5. divisjonslaget enda uavgjort då årdølene møtte Fure på Cuba stadion søndag. 

Årdal 2/Jotun/Årdalstangen - Fure 0-0 

Årdal: Årdal 2/Jotun/Årdalstangen klatrar opp til andreplassen etter eit mållaust oppgjer på Cuba stadion denne søndagen, skriv Årdal FK på sine heimesider

–  Eg er eigentleg godt nøgd med med gjennomføringa av kampen, det er berre synd at me ikkje greier å setta nokon av sjansane våre, spesielt i andre omgang, der me skyt både i stonga og i tverren og dessutan har to såkalla trippelsjansar, seier lagleiar Geir Kjetil Øvstetun etter kampen til nettstaden. 

Trenaren innrømmer at han ærleg syns den eine sjansen til Årdalslaget var ein klar straffe, der motstandaren hadde ein hands. 

Andreplass

Årdal2/Jotun/Årdalstangen har til no spelt tre kampar. Me har vunne to av dei, og med søndagens uavgjorte oppgjer mot Fure, ligg laget på andreplass med sju poeng, tre poeng bak serieleiar og dagens motstandar, Fure, som har to kampar meir spelt enn årdølene. 

5. divisjonslaget har skåra to mål på desse tre kampane, og har framleis til gode å sleppa inn mål.   

– Det tek me i alle fall med oss. Men det handlar også om å skåra mål og det gjorde me ikkje i dag, diverre. All æra til gutespelarane våre. Dei fem som me nytta, dei var meget gode denne gongen, slår Geir Kjetil fast. 

Søndagens kamp baud også på gjensyn med Kenth Lægreid, nokre årsklassar over gutespelarane.

– Det er flott. Me må ha folk med oss utover våren og ikkje minst på hausten.  
Når Kenth får trent litt meir, kjem han til å laga mykje trøbbel for mange femtedivisjonsforsvararar. Det er det ikkje tvil om. Han har trøkk og rutine og er god med ballen, konkluderer Geir Kjetil. 

Til toppen