PUTTA MANGE: Andrea Luggenes putta fem borte mot Førde 2 søndag. Her frå heimekampen mot same lag i haust: Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik
PUTTA MANGE: Andrea Luggenes putta fem borte mot Førde 2 søndag. Her frå heimekampen mot same lag i haust: Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik

Årdalsdamene tapte nervepirrande batalje

Det var jamt heile vegen, men mot slutten stakk Førde 2 frå og slo Jotun/Årdalstangen med fem mål. Eit ufortjent raudt kort vart avgjerande ifølgje trenar Oli Sveinsson

Førde: Førde 2 – Jotun/Årdalstangen 25 – 20

– Me får ein tidleg utvising på Martine Låksrud Øyre, og det pregar oss resten av kampen gjennom. Me stiller ikkje med så sterkt mannskap at me har råd til mista så sentrale spelarar, seier Sveinsson til Porten.no.

Situajonen oppstod drygt halvvegs uti første omgang; etter eit returløp frå Låksrud Øyre gjekk Førdespelaren ho pressa opp i skotposisjon, og då skjedde det som Sveinsson meiner dommaren feiltolka fullstendig.

– Dei er skulder mot skulder, så går Førdespelaren ned for teljing og hyler og skrik overdrive. Dommaren kjem til og slengjer fram dette raude kortet. I høgste grad tvilsamt.

Luggenes og Thomassen Øren scorde halvparten

Og for eit litt skrint mannskap frå Årdal, som stilte med ti spelarar til kampen, vart det vel tøft etter det raude kortet.

– Låksrud Øyre er ein av våre mestscorande spelarar, og me hadde fire andre vekke før kampen i tillegg. Så ho blei den femte i rekkja, seier Sveinsson.

Førde 2 var i føringa stort sett heile vegen; til pause stod det 10-8 til heimelaget. Jotun/Årdalstangen kneppa noko innpå først i 2. omgang så dei kom opp berre eitt mål bak, til 13-12. Men då seig Førde 2 vidare frå så det heile henda 25-20 til heimelaget.

– Jentene gjer ein relativt god innsats, men me er langt frå å prestera godt nok, seier Sveinsson.

Andrea Luggenes og Vanja Thomassen Øren stod halvparten av måla til årdalsdamene; fem kvar, og dei to vart såleis toppscorarar for Jotun/Årdalstangen.

Dette var tredje tapet på rad , så etter den fanastiske haustsesongen med ei sigersrekkje på åtte har det snudd brutalt frå mange marginale sigrar før jul til tre tap etter jul.

Til toppen