FYLKESMEISTRAR I UNG ENTREPRENØRSKAP 2018: Dei har skipa verksemda EarthCase. Den store gullbilletten i sentrum er provet på at dei vann heile fylkeskonkurransen. Dei to diploma på flankane vitnar om to ekstrakonkurransar som dei fekk fyrste og andre plass i, høvesvis.  F.v. Wictoria Borowiec, Maren Jevnaker Asperheim, Åsfrid Moen, Marianne Lerum, Hedda Klingenberg og Hanne Heimlid. Marthe Skjerven er den sjuande eleven i bedrifta, ho var ikkje på skulen fredagen.
FYLKESMEISTRAR I UNG ENTREPRENØRSKAP 2018: Dei har skipa verksemda EarthCase. Den store gullbilletten i sentrum er provet på at dei vann heile fylkeskonkurransen. Dei to diploma på flankane vitnar om to ekstrakonkurransar som dei fekk fyrste og andre plass i, høvesvis. F.v. Wictoria Borowiec, Maren Jevnaker Asperheim, Åsfrid Moen, Marianne Lerum, Hedda Klingenberg og Hanne Heimlid. Marthe Skjerven er den sjuande eleven i bedrifta, ho var ikkje på skulen fredagen. (Foto: Snorre Sandemose)

Årdalselevane er årets ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane. Tenkte nytt om pennalhus

Dei går i andre klasse på den studiespesialiserande lina i Årdal. I år lærte dei seg alle å sy, og dermed låg vegen open til å verta fylkesmeister i «ung entreprenørskap.» 

Årdal: – Det har vore gøy å driva eiga verksemd. Det er kjekt å få jobba i praksis med det som me lærer i faget marknadsføring, seier Maren Jevnaker Asperheim, som er dagleg leiar i ungdomsverksemda EarthCase. 

IKKJE TO ALEN AV SAME STYKKET: Her har dei sydd saman eit pennalhus av dongeri frå to ulike bukser. Om det er eit tøft lêrmerke på lomma til ei kassert dongeribukse, so lèt dei gjerne den og koma på pennalet, sjå toppbiletet.  Foto: Snorre Sandemose

Ho og seks klasseveninner frå andreklassen i studiespesialiserande retning på Årdal vidaregåande skule vann fylkesmeisterskapen for ung entreprenørskap. I tillegg til å ha vunne heile konkurransen, vann dei òg prisar i to særkategoriar. 

Torsdag var dei i Førde og vart gjort ære på, og 26. og 27. april fer dei til landsfinalen på austlandet.  

Gjekk i lære på loftet på Gamleskulen

På starten av skuleåret kom det ei kvinne frå Oslo frå organsiasjonen «Ung entreprenørskap» på besøk til Årdal. Ho fortalde om at det gjaldt om å ha ei berekraftig verksemd skulle ein koma seg opp og fram i tevlinga. 

I FØRDE: Biletet er frå torsdagen, då dei sju andreklassingane frå Årdal vidaregåande skule fekk koma fremst på scena og motta hovudpremien i «Ung entreprenørskap for Sogn og Fjordane.» Bilde: STEFFEN H STARHEIM

Under ein idémyldringstime ikkje lenge etterpå fekk jentene føre seg at dei ville sy pennalhus og nytta kasserte dongeribukser som materiale. Ei av dei hadde sett dette på youtube.

Dermed fekk dei fatt i brukte dongeribukser i Årdal gjennom innsamlingskampanjar. Dei klypte opp buksene og gjekk i gong med å sy pennalhusa. 

Dei lærte seg å sy hjå kvinnene i Årdal Quiltelag, oppe på loftet på Gamleskulen. 

– Det har vore koseleg der. Dei er hyggjelege og hjelpsame, seier Hedda Klingenberg. 

– Dei var engasjerte og hadde veldig lyst til å hjelpa oss med prosjektet vårt, seier Hanne Heimlid, som tykte at det oppi alt arbeidet med å starta bedrift har vore kjekt å læra seg eit praktisk handverk òg.

– Dei hadde mykje å læra oss, seier Maren Jevnaker Asperheim. 

Ingen av jentene i verksemda kunne sy, men etter eit lynkurs hjå quiltelaget lagar jenten no pennalhus som ser aldeles skreddarsydde ut. 

Sosialt engasjement

Ein av grunnane til at Årdal Quiltelag vart so engasjerte og ville høyra om verksemda til elevane, er at øyremerkte inntekter frå kvart selde pennalhus går til å gje born i Sør-Afrika fullt utrusta pennalhus. Årdal vidaregåande skule samarbeider med ein skule i Sør-Afrika. 

– Me tek for gjeve at me har pennalhus, men i Sør-Afrika er det mange elevar som knapt nok har skulesaker, det er ikkje ein gong alle borna som får gå på skule, seier Hedda Klingenberg. 

På grunn av denne sosiale dimensjonen i verksemda deira, vann jentene òg ein eigen særpris i fylkesfinnalen. Det var prisen for «sosial entreprenørskap». 

Fekk jamvel ekstra pris for at dei har klart å yta bra i fellesskap

Jentene vann òg ein pris i ein heilt annan kategori. Dette var ein pris til dei som har synt seg svært dyktige til å utnytta eigne ressursar og evner. 

Juryen grunngav denne prisen med at dei hadde vore flinke til å jobba profesjonelt saman og vera eit lag, og lytta til kvarandre når det oppstod usemje.

Grunnen til at juryen visste dette, var at alle ungdomsbedriftene lyt leggja ned flid i å loggføra arbeidsprosessen sin. 

– Me har diskutert ein del oss i mellom. Det er fort gjort å verta ueinige når me kanskje er litt stressa og det er mykje å gjera, seier Hedda Klingenberg. 

Likevel klarte dei å verta samde og jobba godt saman i det store og det heile.

UPLØGT MARK: I år var fyrste gongen som elevar på den studiespesialiserande lina på Årdal vidaregåande starta bedrift. Lærar Fredrik Jarstadmarken tykkjer det har gått veldig bra. Bilde: Snorre Sandemose

Dei har marknadsføring som valfag.

Aldri før har elevar på den studiespesialiserande lina på Årdal vidaregåande skule vore med i «Ung entreprenørskap». I år var dei med, og vann altso som vi har sett på fyrste førsøk.

Å laga ei eiga bedrift inngår ikkje i pensumet til valfaget som dei har, marknadsføring. Men lærar Fredrik Jarstadmarken ynskte at elevane kunne få prøva å ikkje berre marknadsføra produkt, men også sjå korleis det er å laga noko sjølv og driva ei heil verksemd. 

Årdal vidaregåande skule har vorte ein skikkeleg slugger i dette

DEI VANN OGSÅ TO PRISAR: F.v. Mari Beate Yndestad, Dina Nesse og Anna Elise Nese går i andreklassen på studiespesialiserande dei òg, og også dei henta prisar med seg heim frå Førde. Det er tre gutar i klassen med i denne bedrifta òg. Desse seks elevane vann innovasjonsprisen for beste idé, og fekk òg ein pris for marknadsføringsarbeidet dei har gjort.  Foto: Snorre Sandemose

I fjor var det òg elevar frå Årdal vidaregåande skule som vann heile fylkesmeisterskapen. Dei siste fem åra har Årdal vidaregåande skule hatt verksemder til landsfinalen i fire av dei. 

– Kva er det som gjer at de på Årdal vidaregåande skule gjer det so skarpt i denne tevlinga år etter år?

Me satsar på entreprenørskap. Me har fem lærarar som verkeleg brenn for dette og som jobbar målretta med elevane. Og so til sist har me flinke elevar her, seier lærar Jarstadmarken. 

«Earthcase» treng fleire brukte dongeriklede

Då juryen skulle grunngjeva kvifor dei sju jentene i «Earthcase» er vinnarane som får koma til landsfinalen, skreiv dei mellom anna: 

«Med eit fokus på gjenbruk og sosial ulikskap tek ungdomsbedrifta eit tydeleg samfunnsansvar i arbeidet sitt. Dette ser vi igjen i produkt, handlingsplan og tydelege val som har blitt gjort undervegs. Vidare er vi også begeistra for at dei allereie no har planane klare for fleire produkt med utgangspunkt i same idé.»

Pennalhus-bedrifta formidla òg overfor Porten.no at dei treng hjelp frå publikum til å få inn endå meir brukt dongeri-materiale. 

Til toppen