BETYDD MYKJE: Årdalsordførar Arild Ingar Lægreid var blant dei som snakka om kor mykje Årdalshallen har betydd for bygda. Foto: Sunniva K. Øvstetun.
BETYDD MYKJE: Årdalsordførar Arild Ingar Lægreid var blant dei som snakka om kor mykje Årdalshallen har betydd for bygda. Foto: Sunniva K. Øvstetun.

Årdalshallen 40 år: – Hallen har betydd mykje

Laurdag fylte Årdalshallen 40 år. Ingvald Eriksen hugsar godt då bygget stod klart for første gong.

Eriksen var aktiv innanfor handballmiljøet då hallen vart bygd. Han var både spelar og trenar på den tida og hugsar godt opningskampen mellom jentelaget til Jotun og ÅTIL.

Han fortel til Porten.no at den nye hallen utgjorde ein stor skilnad for handballspelarane.

– Før hallen kom spelte me på ei asfaltbane utandørs, og når vinteren kom måtte me trekkje inn i ein liten gymsal. Her var det berre ei lita bane der me såvidt fekk plass til målet. 

Stor betydning

Eriksen fortel om mange aktive handballspelarar og eit handballmiljø der det var lag i alle klassar. Då hallen var klar til bruk vart det så stor pågang at det vart vanskeleg og finne treningstider til alle.

Både fotballspelarar og trimfolk, gamle og unge, ynskte å nytte seg av den nye hallen. Hallen skapte eit større tilbod for bygdefolket.

– Årdalshallen har betydd mykje for mange. Personleg fekk eg moglegheita til å utfalde meg som handballspelar. Det har vorte sveitta mange dråpar i Årdalshallen for å seie det sånn, men til sjuande og sist handlar det om å tape og vinne med same sinn.

– Eg sit att med mange gode minner frå parketten, både som spelar, trenar og dommar. Eg tør påstå at Årdalshallen gjorde utslag for handballmiljøet i Årdal, og eg kan ikkje seie anna enn at den har betydd svært mykje.

Laurdag vart hallen feira med eit storslått arrangement, der flesteparten av gruppene innanfor Jotun Idrettslag var representert. Her var det moglegheit for å testa seg sjølv i ulike idrettar før dagen vart avslutta med ein prestisjetung symjestafett.

Til toppen