OPNA ATT: Kommunen har fiksa brotet på vassledningen og Årdalshallen er open for bruk att, men bassenget vil framleis vere stengt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPNA ATT: Kommunen har fiksa brotet på vassledningen og Årdalshallen er open for bruk att, men bassenget vil framleis vere stengt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdalshallen vert opna att

Kommunen lukkast med å reparere vassledning. 

Årdal: Det var tysdag Årdal kommune melde om eit brot på ein vassledning ved Farnes skule. Det førte til at Årdalshallen måtte stengjast for all aktivitet av hygieniske og praktiske årsaker.

Like etter 14.00 onsdag kan kommunen fortelje at vatnet til Årdalshallen og omliggjande område er attende og at reperasjonen var vellykka.

– Diverre kan me ikkje opne bassenget før vi har fått reparatør til luftanlegget. Det er så fullt med vassdamp i symjehallen at vi ikkje kan sleppe publikum inn der enno, seier Arne Hovland, som er idrettskonsulent i kommunen. 

Han seier dei vil kome tilbake meir opplysningar så snart anlegget er i funksjon att.

Til toppen