BROT PÅ VASSLEiDNING: Eit brot på hovudvassleidninga ved Farnes skule gjer at Årdalshallen må stengast onsdag. Det er uvisst kor lang tid det vil ta å reparere skadane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BROT PÅ VASSLEiDNING: Eit brot på hovudvassleidninga ved Farnes skule gjer at Årdalshallen må stengast onsdag. Det er uvisst kor lang tid det vil ta å reparere skadane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdalshallen vert stengt på grunn av vassbrot

– Me kan ikkje halde hallen open av hygieniske og praktiske årsaker, Arne Hovland.

Årdal: Det er meldt inn eit brot på hovudvassleidninga ved Farnes skule, og konsekvensane av dette er at ledininga må gravast opp for å tette lekkasjen, skriv Årdal kommune på si heimeside.

Nokre av følgjene med dette er at vatnet til Årdalshallen må stengjast medan arbeidet vert utført onsdag denne veka. 

– Det betyr at all sirkulasjon i bassenget vert stoppa og at me ikkje har vatn til dusjar eller andre stader i hallen. Me kan difor ikkje halde hallen open av hygieniske og praktiske årsaker og kan ikkje ta imot brukarar av hallen så lenge vatnet er avstengt, seier avdelingsleiar for Idrett- og friluftsliv Arne Hovland.

Det er usikker kor lang tid reperasjonane vil ta, men ifølgje han vil det kome statusoppdatering rundt 14.00 onsdag. 

– Det vil då verte vurdert om hallen vil bli opna på kveldstid eller ikkje. Ny informasjon vil verte sendt ut så snart den føreligg.

Ikkje nok med det. På grunn av havari på luftanlegget i symjehallen, må også bassenget stengjast fram til reparatør har vore på plass og starta det opp att. Dette kan tidlegast skje komande fredag.

Til toppen