Den nye singelen «Disqualified» har kome med på Spotify si faste fredagsliste «New Music Friday Norway».
Den nye singelen «Disqualified» har kome med på Spotify si faste fredagsliste «New Music Friday Norway».

Årdalsjenta Frida Hunshammer (20) har sleppt ny singel

Fredag slapp Frida Hunshammer singelen «Disqualified».

Årdal: No mengar ho seg med andre store norske artistar artistar som Kygo, Fay Wildhagen og Matoma, på Spotify si faste fredagliste «New Music Friday Norway».

Ho beskriv den nye låta som ei typisk «break up»-låt, som ho har skrive saman med søkensbarnet Erlend Hunshammer Moen. Dette er den tredje singelen Hunshammer har gjedd ut, etter at ho i 2018 slapp singlane «Lovesick» og «Battlefield».

På tredje forsøk gjekk det

– Kva tykkjer du om at låta di har kome på Spotify si liste «New Music Friday Norway»?

–  Eg prøvde å kome på lista når eg slapp dei to andre singlane mine i fjor, men den gongen gjekk det ikkje. Difor er det ekstra stas å vera på lista med singelen «Disqualified», seier Hunshammer. 

Ho trur listeplass vil koma godt med. 

– Eg veit at veldig mange høyrer gjennom lista kvar fredag, for å sjekke kva musikk som har kome ut. Så det er eit stort pluss for meg fordi det gjev meg mogelegheita til å nå ut til fleire, seier årdølen. 

NY MUSIKK: Årdølen beskriv låta som ei typisk«break up»-låt. Foto: Frida Hunshammer

Ho har no eit år igjen på høgskule på Hamar, før ho er ferdig utdanna faglærar i musikk. 

I tillegg til at Hunshammer slapp to singlar i fjor, opptredde ho på både Jordeplerock og Målrock. I helga står ho på scena på Lustrabalder, og ho fortel at ho ellers kjem til å fokusera på musikk denne sumaren. 

– Eg ser fram til å jobba meir med eigen musikk. Eg har satt meg eit mål om å sleppa EP innan 2020, så det er det eg jobbar mot no. 

Hunshammer fortel at ho har fått mykje støtte frå lokale bedrifter i heimbygda. 

– Eg vil gjerne takka sponsorane mine, Sunde Resirk, Sogn Kran og Transport, Årdal kommune, Hydro og Årdal Møbel, som gjev meg støtte til å laga meir musikk, seier årdølen.

Til toppen