FIBER PÅ FJELLET: Årdalsnett har bestemt seg for å byggje ut fiber i hytteområda mellom Holsbru og Tyin i Årdal og Vang kommune. Dermed vil hytteeigarar få same tilbod som dei på Filefjell. Foto: Årdalsnett.
FIBER PÅ FJELLET: Årdalsnett har bestemt seg for å byggje ut fiber i hytteområda mellom Holsbru og Tyin i Årdal og Vang kommune. Dermed vil hytteeigarar få same tilbod som dei på Filefjell. Foto: Årdalsnett.

Årdalsnett byggjer ut breiband på fjellet

Dei skulle gjerne hatt litt fleire interesserte, men Årdalsnett startar likevel med breibandsutbyggjing frå Holsbru til Tyinosen. 

Sletterust: Arbeidet med å byggje ut det nye breibandet har så smått allereie starta, men no girar Årdalsnett opp. Utover hausten og fram til vinteren melder sin ankomst, vil arbeidet pågå for fullt.

– I praksis kan alle område frå Holsbru til Tyinosen få fiber, men enkelte hytter er for vanskelege å nå. Desse vil kunne få andre løysingar. I fiberen vert det levert same tenester som i netta våre elles, fortel dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren.

Før sommaren gjekk han ut og lufta interessa for breiband i fjellområdet, der litt over 300 hytter ligg. Om lag 115 har meldt si interesse.

– Men me reknar med fleire melder seg når dei ser at me grev i området, seier han og legg til at seinare tilkopling vil koste vesentleg meir. 

PROSJEKTLEIAR: Jan Stian Smedegård. Arkiv
PROSJEKTLEIAR: Jan Stian Smedegård. Arkiv

Dugnadsarbeid

Utbyggjinga er eit millionprosjekt, og det er Jan Stian Smedegård som har fått i oppgåve å leie det.

– Den enkelte hytteeigar må grave grøft frå si hytte og fram til knutepunkt. Lengda på desse vil variere, men snittet er om lag 90 meter. Årdalsnett har avtalt graving av stamtrasear med ein lokal entreprenør, og hytteeigarane kan også avtale med han dersom dei ønskjer det, seier Smedegård.

– Enkelte hytteeigarar har inntakskabel for straum med røyr. Desse treng ikkje grave ny grøft, legg han til. 

– Lønsamt på sikt

Årdalsnett koplar inn til eitt punkt i hytta, og dersom ein ønskjer fleire punkt, må eigaren ordne dette sjølv. Sjølv prosjektet har sin pris, trur bedrifta at dette vil vere lønsamt på sikt. Det vil nesten definitivt også heve verdien på hyttene i området. 

– Etterspurnaden er såpas stor at me vurderer dette som eit lønsamt prosjekt på sikt. Det viser seg at desse tenestene er «must» for enkelte hytteeigarar i dag og for alle på sikt. I dag er det i overkant 300 hytter her, og me har høyrt at det kan koma mange fleire. Då må utbyggjar tilby breiband og TV for å få seld tomter, seier Øren.

Allereie i haust vil 35 hytter i Sletterust og Mannsberg få på plass breiband sidan dei ligg i nærleiken av «sentralen». Målet er at prosjektet skal ferdigstillast i løpet av neste år.

Årdalsnett tilbyr allereie fiber for hytteeigarar på Filefjell og Tyin, og no vil også hyttene på vestsida av fylkesgrensa få dette tilbodet. 

Til toppen