BREIBANDPLANAR: Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett, fortel at selskapet ser på planar for byggje ut breiband på fjellet mellom Øvre Årdal og Tyin. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
BREIBANDPLANAR: Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett, fortel at selskapet ser på planar for byggje ut breiband på fjellet mellom Øvre Årdal og Tyin. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdalsnett ser på planar for utbyggjing av breiband på fjellet

Onsdag presenterte Årdalsnett planar for breibandutbyggjing for dei to store grunneigarane på fjellet mellom Årdal og Tyin.

Årdal: Det fortel dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren, til Porten.no. 

– Det me planlegg er å lage avtapping og spreie nettet til hyttene i ulike felt som det er mogleg å koma til med utgangspunkt i fiberen som i dag går mellom Øvre Årdal og Tyin, seier han. 

Dette vil gjelde for områda Holsbru, Sletterust, Langleiskaret, Torolmen, Mannsberg og Tyinosen. Med andre ord vil dermed hytteeigarar få same tilbodet som Årdalsnett tilbyr hytteeigarane på Filefjell i dag.

Fiberen som i dag går mellom bygda og Tyin følgjer linja opp Tyadalen og innover dalen til Tyinosen før han vert går over i sjøkabel og endar opp på krysset.

– Me har vore inne på tankane før. Me køyrde eit prøveprosjekt med trådlaust for nokre år tilbake som var delvis vellykka og delvis ikkje vellykka. Det fungerte godt nokre stader og ikkje så godt andre plassar. Me fann då ut at det vart for store utfordringar med tanke på drift til at me torde å byggja, seier Øren.

Verdiauke på hyttene

Som samfunnsutviklinga tilseier, er det stadig fleire som ønskjer seg betre standard på hyttene sine med innlagt vatn og straum, parabol og ikkje minst nettilgang. På fjellet er det i dag berre såkalla Edge-nett ein får inn på telefonen.

– Etter kvart har pågangen frå hytteeigarar blitt ganske stor. Samstundes har Årdalsnett høyrt at det vert jobba med planar om fortetting av hyttefelt og meir hyttebyggjing i området. No er det slik at i nye hyttefelt, så må ein ha tilbod om breiband. Folk kjøper seg ikkje hytte i dag utan det, seier Øren. 

Ei breibandsutbygging vil difor bety mykje i felta på fjellet. Med stort sannsyn vil verdien på hyttene auke. Aktiviteten vil også bli større, og det kan ha fleire positive ringverknader. 

Argument i vinterstengjingsdebatten

Det er ei kjend sak at fylkeskommunen har vurdert å vinterstengje fylkesveg 53 Tyin-Årdal for å spare pengar. 

– Meir aktivitet kan bidra til at vegen ikkje vert vinterstengt, kan me litt ubeskjedent seia. Det er trass alt over 300 hytter der i dag. Blir dei mykje brukt, er det vanskeleg for vegmyndigheiter å stengja den vegen.

Heilt eksakt er det faktisk 332 hytter på fjellet i dag med innlagt straum. Øren fortel at grunneigarane var svært positive til planane. Også dei har merka ein auka etterspurnad etter breiband frå potensielle tomtekjøparar.

Sidan dette er snakk om fritidsbustader, vil ikkje Årdalsnett få støtte til utbygging frå stat eller fylket. Det er eit tildelingskriterium at ein berre får støtte dersom ein byggjer ut i område med fastbuande. 

Ønskjer å koma i gong i år

Med andre ord må dette gjerast på kommersiell basis, og det betyr at det vil koste noko for hytteeigarane som ønskjer seg breiband.

– Me har gjort grove kalkylar og presentert for grunneigarar. Ut frå dei kalkylane ser dei på dette som realistisk. No skal me finrekne og finne meir eksakte kalkylar og snittpris, og så skal me prøve å få fram ein gjennomsnittleg etableringspris som kan vera akseptabel for hytteeigarane, forklarar Øren.

Dersom hyttefolket bidreg på dugnad ved til dømes å ta gravearbeidet til si hytte sjølv, så vil dette bidra med å få ned snittprisen, fortel han.

Årdalsnett ønskjer no å få til eit møte med representantar frå hytteforeininga og deretter allmøte dersom det er mogleg. 

– Me har lyst til å koma i gong med dette i år, men me blir nok ikkje ferdige i år, seier Øren.

Til toppen