TUNG FRAMTID: Forslaget til statsbudsjett for 2015 frå regjeringa var ikkje lys for Årdal og Lærdal sitt vedkommande. Foto: Hydro Aluminium.
TUNG FRAMTID: Forslaget til statsbudsjett for 2015 frå regjeringa var ikkje lys for Årdal og Lærdal sitt vedkommande. Foto: Hydro Aluminium. (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Årdalsordføraren: – Det blir utvilsomt utfordringar framover

I dag blei forslaget til statsbudsjettet for 2015 lagt ut, og både Årdal og Lærdal kjem dårleg ut.

  • Endret

Regjeringa la i dag fram forslage til statsbudsjettfor 2015. Budsjettet gjekk ut på å bruka meir oljepengar på blant anna utbygging av veg, skattelette, reform av politi og mindre avgifter på køyretøy.

Ikkje alle har jubla over budsjettet, som mange meiner er med på å skapa større forskjellar og nedprioritering av klima.

I dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane er det heller ikkje veldig stor jubel. Kåre Træen, som er seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen, seier at kommunane som har lågare vekst og folketalsutvikling og ligg under fylkessnittet på 4,3 prosent, ligg an til å møte utfordringar i framtida.

– Årdal kommune kom ut med 3,9 prosent nominell vekst. Årdal har over tid hatt underskot i økonomien og brukt meir peng enn dei har.

– Difor fører det til utfordringar når dei må bruka pengar på å dekka underskotet, seier Træen til Porten.no.

Utfordringar

Vidare fortel han at Lærdal har liknande utfordringar med at dei har større utgifter enn dei har råd til, men at det ikkje gjeld eit akkulert underskot.

Porten.no har prøvd å få kontakt med ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim, men har ikkje fått nokon kommentar grunna reise til Jeriko. Begge kommunane Årdal og Lærdal ligg midt på treet, der Lærdal ligg på 3,2 prosent og Årdal 3,9.

– Det blir utvilsomt utfordringar me vil møta. Budsjettet hjelper oss nok ikkje mykje framover, seier ordførar i Årdal Arild Ingar Lægreid til Porten.no.

Frå før er det kjend at regjeringa vil gje eit veksttilskot på 400 millionar kroner til 68 kommunar over heile landet som opplever stor folkevekst. I Sogn og Fjordane er Sogndal den einaste kommunen som får.

Her er lista over resultatet for kommunane i Sogn og Fjordane:
Solund: 2,5
Hyllestad: 2,8
Hornindal: 2,9
Gulen: 3
Balestrand: 3,2
Lærdal: 3,2
Selje: 3,2
Askvoll: 3,3
Gloppen: 3,3
Høyanger: 3,4
Flora: 3,8
Vik: 3,9
Årdal: 3,9
Eid: 3,9
Luster: 4
Bremanger: 4,1
Fjaler: 4,2
Jølster: 4,4
Gaular: 4,7
Leikanger: 5
Førde: 5,1
Naustdal: 5,1
Vågsøy: 5,1
Stryn: 5,7
Aurland: 6
Sogndal: 6,4

255 millionar for å forebygga flaum- og skredfare

På ei anna side føresler òg regjeringa 255 millionar kroner til tiltak for å førebyggja flaum- og skredfare, der omlag 169 millionar av dei går til sikringstiltak mot skred og flaum.

Desse sikringstiltaka i Sogn og Fjordane vil bli prioritert i 2015.

Det er også bevilga 27 millionar kroner til eit vegprosjekt i Lærdal kommune, nemleg E16 Smedalsosen - Maristova - Borlaug.

Til toppen