I FYLKESUTVALET: Hilmar Høl (Ap) og Aleksander Øren Heen (Sp) frå Årdal er begge valt inn i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad /Sogn og Fjordane fylkeskommune.
I FYLKESUTVALET: Hilmar Høl (Ap) og Aleksander Øren Heen (Sp) frå Årdal er begge valt inn i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad /Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Årdalspolitikarar inn i fylkesutvalet

Fylkestinget har valt eit nytt fylkesutval for dei neste fire åra.

Årdal: Der finn ein blant anna to politikarar frå Årdal. Tysdag var det konstituering av nytt fylkesting i Sogn og Fjordane, samt val av blant anna fylkesutval, fylkesordførar og andre utval. 

I fylkesutvalet er to namn kjende frå politikken i Årdal valt inn. Dette er Aleksander Øren Heen (Sp) og Hilmar Høl (Ap). 

Representantane vart valte inn etter samrøystes tilrådingar frå gruppeleiarmøtet. 

Sjå også: Følg fylkestinget her

Fylkesutvalet er arbeidsutvalet til fylkestinget. Utvalet tek avgjerdsler i saker det har delegert mynde til og kjem elles med innstillingar til fylkestinget.

Det er ny fylkesordførar Jenny Følling (Sp) som leiar desse møta. 

Utvalet består av Føøling, Sigurd Reksnes (Sp), Heen, Trude Brosvik (KrF), Åshild Kjelsnes (Ap), Høl, Helen Hjertaas (Ap), Bjørn Hollevik (H) og Gunnhild Berge Stang (V).

Elles ser dei øvrige vala slik ut:

Kontrollutvalet

Frank Willy Djuvik, FrP, leiar
Odd Atle Stegegjerdet, Ap, nestleiar
Jorunn Ringstad, Sp
Lise-May Sæle, H
Klaus Iversen, V

Hovudutval for næring og kultur

Karen Marie Hjelmeseter, Sp, leiar
Jakob André Sandal, SV, nestleiar
Aleksander Øren Heen, Sp
Erlend Haugen Herstad, Sp
Hilmar Høl, Ap
Torbjørn Vereide, Ap
Anne K. Lilleaasen, H
Marita Aarvik, FrP
Jon Olav Kvamme, KrF

Hovudutval for opplæring

Karianne Torvanger, Ap, leiar
Alfred Bjørlo, V, nestleiar
Gunn Åmdal Mongstad, Sp
Anders Ryssdal, Sp
Ole Johnny Stubhaug, Sp
Henrik Oppen, Ap
Senea Sabanovic, Ap
Sonja Øvre-Flo, H
Trude Brosvik, KrF

Hovudutval for samferdsle

Noralv Distad, H, leiar
Helen Hjertaas, Ap, nestleiar
Arnstein Menes, Sp
Sigurd Reksnes, Sp
Gunn Sande, Sp
Harald Bjarte Reite, Ap
Bjørn Hollevik, H
Gunnhild Berge Stang, V
Stein Malkenes, MDG

Til toppen